Hopp til innhold

Slo storfavoritten i nordisk cup

Førde opna finalespelet i Nordic Club Championship med å banke den danske storfavoritten Marienlyst.

Førde jublar over siger i Danmark

SIGERSJUBEL: Førde-spelarane kasta seg om halsen på kvarandre etter at sigeren over storfavoritten var eit faktum. F.v. Lars Magnus Kaasa, Kristoffer Sundal, Jon Arnesen, Frank Kalstad, Geir Eithun, Tor Kristian Kvammen og Nils Numme.

Foto: Jørn Kvalen

Med ein strålande opplagt Nils Numme i førarsetet saman med oppleggjar Jonas Kvalen, fekk Førde ein pangstart på finalerunden av Nordic Club Championships torsdag kveld.

Marienlyst er ferske danske cupmeistrar, men måtte strekkje våpen mot hardtkjempande Førde. Kampen enda 3-2 (25-14, 21-25, 30-28, 17-25, 15-13) i favør sunnfjordingane.

LES OGSÅ:

Lars Martin Kaasa heldt hovudet kaldt på matchballen, og avgjorde like godt kampen med eit serveess.

Nils Numme stod bak heile 28 poeng i oppgjeret, og er etter første kamp toppscorar i turneringa så langt.

- Vi møtte ein sterk modstandar, og greidde ikkje på noko tidspunkt å spele vårt beste, seier Marienlyst-trenar Kaj R. Jeppesen på klubben sin nettstad.

Fredag spelar Førde mot Middelfart i sin andre kamp i final four i Nordic Club Championships. Torsdag vann Middelfart 3-1 over svenske Linkøping, som Førde møter på laurdag.

Førde i kamp mot danske Marienlyst

GOD KAMP: Førde trekte det lengste strået i opningskampen mot Marienlyst.

Foto: Jørn Kvalen