Hopp til innhold

Gira seg opp med gullvideo frå sist

Førde brukte videoen frå gullfinalen i 2007 som psykisk opplading før dei starta folkefesten i cupfinalen på heimebane.

- Vi såg 2007-kampen på team-møtet før kampen, og eg må seie det hjelpte veldig. Då såg vi at ein må aldri gi opp, seier Kristoffer Sundal.

19-åringen jubla saman med resten av Førde hemningslaust etter at sigeren i den dramatiske cupfinalen var sikra:

For trass i at det femte settet på det meste skilde laga med 9-3 i favør Nyborg, nekta Førde å gje opp.

Videoen var mentalt viktig

Den situasjonen har Førde vore i før - det heile likna nemleg veldig på finalen mot Tromsø i 2007.

Også då trudde mange at løpet var køyrt - og begge gongane kom Førde tilbake og sikra kongepokalen.

Men i 2007 var ikkje Sundal med på laget. Denne gongen var han som ein joker for Førde, då han med sine angrep frå midten gav spelet ein ekstra dimensjon. Dessutan fekk Nyborg store problem med 19-åringen sine servar.

- Dei greidde det den gongen, og det var mentalt viktig for oss å sjå det på videoen, meiner Sundal.

(Artikkelen held fram under bilete)

Geir Eithun i smash

VIKTIG: Geir Eithun i smash for Førde. Nyborgs Ole Martin Helland med ryggen mot.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Betre enn regissert spenning...

- Det var det første som slo meg etter kampen: Dette var akkurat som det fjerde og avgjerande settet i 2007 - også då var det få som hadde tru på at vi skulle klare det, seier trenar Frank Kalstad.

Han var eit einaste stort smil etter kampen.

- Dette er heilt fantastisk. Då vi låg under 3-9 hadde eg bange aningar - men så tok det heilt av, seier Kalstad.

- Eg må skryte av alle spelarane i dag. Dessutan er det vel ikkje mogleg å regissere betre kamputvikling enn dette, humrar han.

Førde vann kampen etter at kampen stod og vippa, og begge laga hadde sine matchballar. Først på 19-17 i det femte settet kunne Førde sleppe jubelen laust.

Førde i jubelrus etter kampen

JUBEL: Stemninga stod i taket i Førdehuset etter NM-finalen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK