NRK Meny
Normal

– Vi er veldig opptekne av at dette skal vere i Svein si ånd

Lokale talent frå Sogn og Fjordane var noko av det Svein Bakke jobba iherdig for å få fram. No leitar minnefondet etter prosjekt som kan vere med å føre arbeidet vidare.

Svein Bakke i duell mot Neil MacLeod

MINNEFOND ETTER SVEIN BAKKE: Svein Bakke (til venstre) var ein nesten komplett fotballspelar, og var sentralt på bana for Sogndal i nesten to tiår. Her i duell mot Neil MacLeod på Brann.

Foto: Eivind Kolflaath / BA

– Svein var oppteken av mange ting, men først og fremst at vi skulle klare å utvikle og få fram talent frå Sogn og Fjordane. Det er det viktig for oss å følgje opp, seier Ingvar Stadheim som er styreleiar i Svein Bakkes minnefond.

– Det skal vere i Svein si ånd

Svein Bakke blir hugsa som den viktigaste og kanskje beste spelaren i Sogndal si historie. Han skaut klubben til ein historisk cupfinale, og vart mannen som bygde opp ein toppklubb i den vesle bygda.

Etter at han døydde brått før jul i 2015, kom ideen om å etablere eit minnefond. Fondet har allereie passert fire millionar kroner, og Stadheim og stiftinga vil no ha di hjelp til å finne personar eller prosjekt som kan få midlar frå fondet.

– Vi må halde oss til statuttane til fondet, og i tillegg er vi opptekne av at dette skal vere i Svein si ånd, seier Stadheim.

Vil utvikle talent

Svein Bakkes minnefond har som føremål «å fremje utvikling av talent og leiarar innan fotball i Sogn og Fjordane-regionen. Stiftinga kan gje støtte til enkeltpersonar og til organisasjonar og samanslutningar som bidreg til å utvikle talent og leiarar».

Når stiftinga no vil dele ut dei første pengane frå fondet vil prosjekt eller aktivitetar som går over tid bli prioritert. Det rette prosjektet vil kunne få opptil 300.000 kroner i årleg bidrag.

– Det kan vere prosessar eller arbeid som allereie er starta, som vi kan forsterke og gjere betre. Eller det kan vere nye prosjekt, der vi kan bidra til at det får god kvalitet og at det fører til at fleire talent kan utvikle seg og spele for dei beste klubbane i fylket, fortel Stadheim.

Minnefondet har allereie sendt ut informasjon til alle klubbane i Sogn og Fjordane. For å finne den rette kandidaten tek stiftinga imot innspel frå alle som måtte ha noko på hjartet.

– Det viktigaste er at vi kan vere med å støtte eit arbeid som går over tid. Det å utvikle talent er ikkje gjort over natta.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.