Svein Bakke i kamp om ballen med Egil Austbø under cupfinalen i 1976
Foto: Owesen, Paul / SCANPIX

Heilhjarta

SOGNDAL (NRK): Svein Bakke sparte seg aldri. Hjartet banka for Sogndal. Kanskje i hardaste laget.

– Han brukte heile livet sitt på klubben. Å leve med det enorme presset over så lang tid forkorta livet hans, seier Rolf Navarsete.

Eit halvt år har gått sidan Sogndal-nestoren måtte følgje bestekameraten til den siste kvilestaden. Svein Bakke døydde så altfor tidleg av hjartesvikt.

Det var eit sjokk for ei heil bygd. For eit heilt fylke. For fotball-Norge.

Stortalentet som heldt på å glippe

Heilt sidan 1970-åra hadde Bakke vore ein bauta. Først som spelar gjennom to tiår. Deretter like lenge som leiar. Tidlegare Sogndal-trenar Per Ingar Sviggum hugsar godt den heilt spesielle 17-åringen som spelte for folkehøgskulen i bygda og herja med Sogndal sine juniorar.

Denne karen måtte han sikre seg.

Som sagt, så gjort. Svein Bakke scora allereie i A-lagsdebuten - ei heading borte mot Ny-Krohnborg på Brann stadion. I sin aller første sesong vart han toppscorar.

Men han kom ikkje inn på lærarskulen. I staden fekk han fast jobb ved Klausen Mekaniske i Svelgen. Stortalentet måtte flytte for å vere sikra inntekt.

Ingenting tyda på at Svein Bakke skulle bli den viktigaste og kanskje beste spelaren i Sogndal si historie, og at han skulle skyte klubben til ein historisk cupfinale. Ei heller at han skulle byggje ein toppklubb i den vesle bygda.

Sogndal, vinteren 1972. Ein ung mann romsterer inne i den gamle campingvogna han har fått innreidd som pølsebod. Svein Bakke har stilt seg opp tidleg på føremiddagen, og er i gang med å smørje rundstykke og varme pølser for studentane i bygda. Lenger oppe i lia ovanfor Fosshaugane står Per Ingar Sviggum og held den ferske kremmaren under oppsikt gjennom ein kikkert.

– Eg reiste til Holmedal og snakka med han og foreldra. Det store spørsmålet var jobb - han kunne ikkje gå til Sogndal utan å ha ei inntekt, seier Per Ingar Sviggum.

– Så saman med formannen i fotballgruppa fekk eg ordna med ei ominnreidd campingvogn som pølsebod, humrar han.

Der selde Bakke pølser, rundstykke og kaffi til studentar og skuleelevar. Langt frå lukrativt, men nok til at han kunne leve av det og spele fotball på fritida.

Sogndal sitt A-lag med Svein Bakke i 1971

UNGE OG LOVANDE: Svein Bakke (midten bak) scora i dei tre første kampane for A-laget til Sogndal. Her er delar av laget samla etter 3-1-sigeren mot Jotun i den andre kampen. Midtstoppar Jon Navarsete står bak til høgre, medan angripar Rolf Navarsete sit nede til venstre.

Foto: Privat

Ikkje lenge etter oppsøkte Sviggum banksjefen i bygda. Det vart ordna med jobb i banken for den unge fotballspelaren. Sogndal hadde sikra seg ein uslipen diamant.

Iveren og ståpåviljen til Sviggum var tunga på vektskåla. For Bakke var sterkt i tvil. Det var tøft å vere jypling frå Sunnfjord, og ikkje uproblematisk å ta ein plass på laget frå veteranane frå Sogn.

– Hadde eg ikkje teke initiativet og stått på, hadde vi aldri fått han til Sogndal, seier Per Ingar Sviggum.

– Då er det ikkje sikkert at vi hadde vore der vi er no, legg han til.

Avisnotis med Svein Bakke på skeiser

GOD I DET MESTE: Svein Bakke hadde talent for mange idrettar, og utmerkte seg som her også på skeiser. Han spelte dessutan handball, og barndomskameratane skildrar han som ein uredd hoppar på ski.

Foto: Faksimile frå avisa Sogn og Fjordane

For Bakke valde å returnere til Sogn – den gongen ei dagreise og tre ferjer unna heimstaden. Klubben skilde seg ikkje nemneverdig ut frå andre lag i 3. divisjon på den tida, med dårlege baner og ein fotball med mykje tøffe duellar.

Men Bakke skilde seg ut. På bana hadde han noko ingen andre var i nærleiken av.

– Han var heilt spesielt god. Svein var ein god avsluttar, og han bomma sjeldan. I tillegg var han god på hovudet og med begge beina. Vi la opp spelet vårt etter han. Det einaste minuset var tempoet, men det kompenserte han med eit smart fotballhovud. Han visste heile tida kva han skulle gjere, seier Sviggum.

– Eg hadde alltid som mål å ta han på trening, men han vreid seg alltid unna. Han kunne drible vekk alt som var på ei bane, smiler lagkamerat Jon Navarsete.

Han legg til:

– Hadde vi hatt ein slik strateg på laget i dag, hadde vi sigla gjennom eliteserien.

Dominerte i kampar mot Tom Lund

Bakke var hærførar på laget som rykte opp til 2. divisjon i 1972. Då menisken rauk før seriestart året etter, var det medverkande til at Sogndal måtte ta den tunge turen ned igjen etter berre eitt år på landets nest øvste nivå.

No venta førstegongsteneste på Austlandet. Bakke melde overgang til middelmådige Eidsvold Turn. Der vart han ein hit på laget, og styrte dei gjennom 2. divisjon til sin beste sesong nokon gong. Berre storklubben Lillestrøm gjorde det betre.

Opprykket glapp i siste kvalifiseringskamp mot Fredrikstad, men Bakke er framleis ein legende på Myhrer stadion og i grunnlovsbygda.

Hadde vi hatt ein slik strateg på laget i dag, hadde vi sigla gjennom eliteserien

Jon Navarsete

– Først kjem olympisk meister Tormod Knutsen, så tek Svein Bakke andreplassen, før Henrik Wergeland siglar inn på tredjeplass, sa gamletrenar Erling Hokstad i eit intervju med Sogn Avis for nokre år sidan.

Supportere selger effekter. Sogndal gjlr seg klare for historisk kvartfinale på vesle Fosshaugane.

SPORTSHJØRNET: Sogndal spelte kvartfinale i NM-cupen på Fosshaugane mot Start i 1976. NRK laga reportasje om Oskeladden frå 3. divisjon.

– Det er faktisk den posisjonen han har. Han blir i aller høgste grad omtalt som ein av dei største i Eidsvold Turn si historie, forklarer Hokstad til NRK.

– Utan han, hadde vi ikkje fått oppleve det vi gjorde den sesongen – sjølv om vi hadde andre gode spelarar som Kai Sjøberg og Per Brogeland, seier han.

Hokstad meiner Bakke var forut for si tid, då han kom til Eidsvold Turn.

Eidsvold Turn sitt lag i 1974
Foto: Eidsvold Turn

– Han kom med noko nytt. Det var ein voldsom driv over han. Når han fekk tak i ballen, så var det rett i angrep, seier han.

Gamletrenaren meiner eleven kunne ha gjort det veldig bra om han hadde prøvd seg i Lillestrøm, som dei spelte to kampar mot eine året – og der han fekk tilbod om kontrakt.

– Svein dominerte begge kampane - sjølv med Tom Lund på andre banehalvdelen, seier Hokstad.

Desse åra fekk Svein Bakke med seg ein periode på aldersbestemte landslag. Då han saman med kona Bente reiste heim igjen til Sogndal, hadde han spelt 42 kampar og scora 14 mål frå midtbaneposisjonen sin på Eidsvold Turn.

Sogndal hadde gjort nok ein taktisk genistrek. Bakke var nemleg kobla saman med ei sogndalsjente, og dermed kom paret tilbake til saftbygda. Det gav umiddelbar effekt på fotballeventyret som var i startgropa i Sogn.

Svein Bakke i duell mot Neil MacLeod

STRATEG OG GOALGETTAR: Svein Bakke (t.v.) var ein nesten komplett fotballspelar, og var sentral på bana for Sogndal gjennom nesten to tiår. Her i duell mot Branns Neil MacLeod.

Foto: Eivind Kolflaath / BA

Sogndal, 5. september 1976. Før klokka har blitt ni på føremiddagen har folk samla seg på stadion. Folk frå heile Sogn og Fjordane er venta til vesle Fosshaugane, og for å få plass, har omlag tusen sogningar teke med seg frukosten og installert seg på tribunene - fire timar før kvartfinalen mot Start. Over 7000 menneske jublar då Svein Bakke hamrar inn den avgjerande scoringa. 1-0! Dei stormar bana og løftar spelarane på gullstol.

- Det var heilt vilt. Eit eventyr, seier Jon Navarsete.

Han var midtstoppar på det legendariske 76-laget til Sogndal, som etter 45 serie- og cupkampar på rad utan tap krona ein fantastisk sesong med cupfinale på Ullevaal.

Svein Bakke og Per Ingar Sviggum i intervju med NRK

VART OPPDAGA: Fotballunderet i Sogndal var i den spede byrjinga då Svein Bakke og Per Ingar Sviggum vart intervjua av Sportshjørnet på NRK i 1976.

Foto: NRK

Kvartfinalen mot Start er framleis tidenes kamp på Fosshaugane. Ingen hadde venta at oskeladden frå 3. divisjon skulle slå ut eit elitelag. Heller ikkje sørlendingane sjølve:

«Det var «piece of cake» – tredjedivisjonslaget Sogndal. Men så gikk vi på ei mine. Svein Bakke avgjorde med en suser – om den hadde truffet Per Otto Larsen i målet vårt – ville vår robuste keeper havnet ute i Sognefjorden», står det å lese på nettsida til Start, ikstart.no.

– Den sesongen var Svein heilt enorm. Han fekk frimerke på seg, men han berre rista dei av seg. Nokre av scoringane hans er det ingen som gjer etter han, seier Jon Navarsete.

Og Bakke hadde ingen planar om å la cupeventyret stoppe der. I semifinalen mot Steinkjer på Guldbergaunet sette han inn alle dei tre måla då Sogndal vann 3-1.

– Motstandarane prøvde alt. Men Svein gjorde kort prosess. Klinte ballen i mål, seier Navarsete.

Oskeladden som vann meir enn halve kongeriket

Svein Bakke helt i avisa etter Start-kampen

HELTEN I LOKALAVISA: Svein Bakke kunne sleppe jubelen laus då han vart matchvinnar i kvartfinalen mot Start.

Foto: Privat

No fekk også riksmedia auga opp for den høgreiste og tekniske kapteinen. I Sportsrunden på NRK var Bakke gjest i beste sendetid. Programleiar Knut Bjørnsen presenterte sunnfjordingen som vekas namn framfor nokon:

– Du har blitt ein slags gallionsfigur for Sogndal. Er det ei ubehageleg oppleving å bli invitert til fjernsyn og slikt?

– Nei, det synest eg er moro. Vi er ikkje vande til den slags omgang med massemedia. Men vi prøver å førebu oss psykisk på det. Og det er naturleg at eg no blir trekt fram i avisene. Eg trur ikkje nokon reagerer på det, svarte Bakke.

Sjølv var han saman med Ingvar Stadheim assistenttrenar for Per Ingar Sviggum. Korkje før eller seinare har eit lag frå nivå tre i norsk fotball komme heilt til cupfinalen.

Vinteren kom tidleg til Austlandet dette året. Ullevaal var gjennomvåt etter snø og regn dei siste dagane før finalesøndagen. Først om morgonen før kampstart vart det bestemt at kampen faktisk kunne spelast. Arrangørane strødde bana med sagflis.

No venta storebror Brann. Det var klart for David mot Goliat.

Populære i Høyanger

POPULÆRE: Svein Bakke og Per Ingar Sviggum vitja Høyanger og opplevde å bli ettertrakta autografobjekt.

Foto: Faksimile frå Sogn Avis

Men Sogndal let seg ikkje pille på nasen, og opna begge omgangane best. Trass i at bergensarane tok leiinga, klarte Sogndal å kjempe seg inn att i kampen. Knut Christiansen utlikna ti minutt før full tid. Først seks minutt seinare avgjorde Brann.

Sogndal var eitt nummer for små. Men det var Svein Bakke og Sogndal sin cupfinale. Oskeladden hadde sjarmert folket og erobra meir enn halve kongeriket.

Supportere i Oslo heier på Brann og Sogndal foran cupfinalen. Intervju med spillere. Oppvarming. Kampbilder. Intervju med Svein Bakke.

CUPFINALEN: Cupfinalen i 1976 er framleis det største Sogndal har gjort i norsk toppfotball. Svein Bakke var den store spelaren, og vart intervjua på NRK etter tapet mot Brann..

- Spelemessig er vi nøgde - men vi er ikkje nøgde med resultatet. Eg håpar vi har vore med og lage festleg stemning her på Ullevaal, sa kapteinen til NRK-reporter Knut Th. Gleditsch etter 2-1-tapet.

– Det var surt, for vi var så nære. Og hadde banetilhøva vore betre, hadde aldri frimerket Atle Bilsbak klart å forstyrre Svein slik han gjorde i sagflisa og gjørmehavet på Ullevaal, mimrar Jon Navarsete.

Han trekkjer fram Bakke som den store strategen på Sogndal, som no for alvor starta klatringa i norsk toppfotball. Han var ein elegant driblefant - kunne minne om Glenn Hoddle eller Trevor Brooking. Kunne trekkje på seg fleire forsvararar, drible dei bort og leggje ferdigscora pasning til spissane. Eller score sjølv.

Fem år seinare hadde han den same posisjonen på laget som for aller første gong rykte opp til øvste nivå. Det var nok eit gjennombrot for Sogndal.

Framfor 1. divisjonsdebuten i 1982 var Bakke klar for å vise at laget var godt nok.

– Vi har ikkje økonomi til å drive på den måten andre driv på. Så vi må prøve å stå på den filosofien som vi kan kalle sogndalsprofilen, sa han til Sportshjørnet på NRK i april.

Svein Bakke i starten av karrieren på Fosshaugane

TIDLEG: Svein Bakke i starten av karrieren på Fosshaugane.

Foto: Privat

– Som ein av forgrunnsfigurane - du er ikkje freista av større klubbar?

– Nei, iallfall ikkje no. Eg trur ikkje andre klubbar har meir sportsleg å tilby enn Sogndal. Her får vi ikkje utbetalt så mykje pengar, men vi krev at vi skal ha same moglegheiter sportsleg som i andre klubbar, og det har vi, sa Bakke.

Blir samanlikna med Johan Cruyff

Sogndal måtte ned att etter berre éin sesong i 1. divisjon. Men Bakke heldt fram som midtbanegeneral for Sogndal gjennom heile 80-talet. Med opp- og nedturar.

– Hadde han som spelar reist til ein større klubb, hadde han blitt landslagsspelar. Men han vart verande i Sogndal, og takk for det, seier Jon Navarsete.

Andre meiner Bakke hadde blitt proff i utlandet, dersom han hadde vore aktiv i våre dagar.

– Svein var Sogndals Johan Cruyff. Han gjorde alle rundt seg betre, og var i tillegg ein fantastisk lagspelar og leiarfigur. Sogndal slo ut tre eliteserielag på vegen mot cupfinalen, med Svein i spissen. Det fortel det meste om formatet hans, har fotballkjennar og TV2-profil Davy Wathne sagt til Sogn Avis.

Han la opp etter 1988-sesongen. Sogndal avslutta på sjetteplass. Det er framleis klubben sin beste plassering i landets øvste divisjon.

Svein Bakke framfor Sognahallen

LAGBYGGJAR: Svein Bakke stod saman med Ingvar Stadheim og Rolf Navarsete for den beintøffe jobben med å utvikle toppfotballkultur i Sogndal på 1980-talet. Seinare tok han også på seg arbeid med anleggsutbygging, som her då Sognahallen nyleg var ferdigbygd.

Foto: Berglund, Erik / Aftenposten

Tromsø, 19. oktober 1992. Noko må vere alvorleg gale. Svein Bakke sit heilt i ro på flyet og kjenner hjartet galoppere med nesten 200 slag i minuttet. Det blir ein ubehageleg tur for den daglege leiaren og resten av Sogndal-laget, som berre nokre timar før har gått på eit stortap mot Tromsø og rykt ned. Framme i Sogndal går turen rett til sjukehus.

– Tenk deg det arbeidspresset han levde under, seier Rolf Navarsete.

Rolf Navarsete

SAKNAR KAMERATEN: Rolf Navarsete trur det brennande engasjementet og innsatsen for Sogndal var med på å forkorte livet til kameraten. Her er Navarsete på Fosshaugane, der han saman med Bakke la ned svært mykje tid og krefter.

Foto: Fotograf Christian Blom AS

Sogndal-nestoren har spelt og jobba saman med Svein Bakke i fleire mannsaldrar, og var med på den tunge turen heim frå Tromsø. Han såg ein kollega som hadde full jobb i banken, men som likevel stod på som dagleg leiar i Sogndal.

Bakke hadde allereie på 80-talet bidrege på leiarsida i klubben. Etter at han la opp som spelar, hadde han gått i bresjen for store saker som nonamatør-reglar i toppfotballen, proff-fotballen sitt gjennombrot i Norge og anleggsutbygginga på Fosshaugane.

– Han hadde ikkje mykje fritid, og gjekk inn i fotballen med eit enormt engasjement. Det kunne vere krevjande, seier Bente Bakke.

Sogndalsjenta trefte kjærasten og ektemannen på byrjinga av 1970-talet, og stod ved Bakke si side gjennom resten av livet. Ho og familien fekk reise og oppleve mykje spennande - trass i at mannen ofte var travel.

– Han jobba mykje og hardt. Eg ser tilbake på det som ei hektisk, men god tid, seier ho.

Rolf Navarsete er overtydd om at livet med fotballen medverka til at kameraten døydde så altfor tidleg.

– Det var eit tøft liv, og ingen har levd lenger med toppfotballen enn Svein. Han hadde det over seg heile tida, seier Navarsete.

– Svein levde med høg aktivitet, press og spenning. I tillegg har problem med hjartet vore litt arveleg i slekta, seier Bente Bakke.

– Då han kom ut av sjukehuset første gongen, forsto eg at han ville stupe, dersom han skulle halde fram med full jobb i banken - i tillegg til funksjonen som dagleg leiar i klubben, seier Navarsete.

Sjølv ville Bakke halde fram på same måten. Men Navarsete var styreleiar og ville at kameraten skulle bli klubbens første tilsette daglege leiar. Som sagt så gjort.

– Eg garanterte personleg for løna hans i tre år. Eg måtte nesten gjere det. Han hadde hus og familie, seier Navarsete.

Bente og Svein Bakke

LANGT EKTESKAP: Bente Bakke stod ved mannen si side gjennom alt han og familien opplevde. Her er paret fotografert under sonen Eirik sitt bryllup.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Bakke gjorde det få andre hadde tort: Han sa opp ei trygg stilling i banken til fordel for usikre Sogndal. I ei tid utan pengar i fotballen.

– Det seier alt om Svein Bakke, poengterer Navarsete.

Gjorde laget ein halv divisjon betre enn dei var

Den tidlegare styreleiaren meiner det berre var Bakke som kunne ha teke den jobben. Utan karismaen, kunnskapen, lidenskapen og nettverket hans hadde klubben truleg ikkje vore i det gode selskap i dag.

Bakke var direkte involvert i klubbdrifta som dagleg leiar, sportsleg leiar og sportsdirektør heilt fram til 2005. I 2014 kom han tilbake og leia seniorklubben.

– Det er mange som har vore der, men Svein var der eitt hundre prosent heile tida. Han representerte ein kontinuitet frå han var 17 år og meir eller mindre til han var 62. Det er ekstremt. Ein grunnmur, seier Navarsete.

– På 70-talet gjorde han oss ein halv divisjon betre enn vi var. Og utover 80-talet heldt han koken, medan vi bygde toppfotballkultur i ei lita bygd. Det var beintøft. Hadde han ikkje vore der, er det ikkje sikkert vi hadde orka det, seier han.

På 40-årsdagen i 1993 vart Bakke send til sjukehus i Lærdal. Han hadde kjent at noko ikkje var som det skulle då han spelte old boys-fotball. Legane konstaterte at han hadde hatt eit hjarteinfarkt.

– Eg vart ikkje operert, fekk noko medisin og har aldri hatt plager sidan. Men opplevinga kom svært ubeleileg. Eg veit kvar grensa går no, sa han til media.

Gravferda til Svein Bakke

SISTE KVILE: Stedje kyrkje i Sogndal var smekkfull av menneske som ville følgje Svein Bakke til den siste kvilestaden. Ein bauta innan fotballen hadde gått bort så altfor tidleg.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Holmedal, 16. desember 2015. Svein Bakke har vore i gravferd i Holmedal, og skal berre innom hytta ved fjorden før han skal hente søstera og køyre ho til flyplassen i Førde. Så langt kjem han aldri. 62-åringen blir funnen livlaus bak bilen sin ved hytta.

– Det er det største sjokket i heile livet mitt. Etter at eg hadde fått beskjeden vart eg sitjande i stolen min heile natta. Livet gjekk i reprise, seier Rolf Navarsete.

Eirik Bakke saman med foreldra Svein og Bente i Leeds

VIKTIGE PENGAR: Svein Bakke (t.h.) var sentral i forhandlingane, då sonen Eirik (t.v.) vart seld til den engelske toppklubben Leeds i 1991. Dei 45 millionane kom godt med då Sogndal var i gang med storstilt anleggsutbygging. I midten kona Bente.

Foto: Privat

Han saknar ein god ven gjennom mange år. Og ingen andre har, ved sida av Navarsete sjølv, sett sitt stempel på fotballunderet i Sogndal som Svein Bakke. Først som spelar i nesten to tiår. Deretter like lenge som lagbyggjar.

– Eg kallar han for «kongeørna». Når han la ut vengjene sine, var du ein del av laget. Han var faderen i klubben, god å prate med når noko var vanskeleg, seier Jon Navarsete.

– Han var ikkje snill med seg sjølv. Men han var snill mot alle rundt seg, og behandla alle likt, uansett om du var president eller spelar, seier Bente Bakke.

– Eg saknar han så enormt. Tenkjer på han kvar dag, seier Per Ingar Sviggum.

Kjelder: Bergens Tidende, etf-fotball.no, sogndalfotball.no,