Hopp til innhold

Slik vil han bruke foto som brubyggjar

HØYANGER (NRK): Skepsisen var stor då Høyanger i fjor haust – med nokre vekers varsel – fekk asylmottak. Fotograf Arve Ullebø vil bruke fotografi for å skape bru mellom etnisitetane.

Arve Ullebø og Hallrid Hegg
Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Det er eigentleg litt galskap heile prosjektet, ler fotografen mens har gjer klart for nok ei fotoøkt.

100 år – 100 portrett

I atelieret sitt i Hydro sitt administrasjonsbygg i Storgata vekslar Ullebø på å ta bilete av pensjonistar, og nykomne flyktningar.

– På sett og vis er alle i Høyanger innvandrarar. Dei aller fleste har flytta hit for ein generasjon eller tre sidan. No når det er 100 år sidan industrien byrja å blomstre her, har det komme nye – flyktningane, seier Ullebø.

Om lag 120 menneske fordelt på fem gardsgrender budde opphavleg i det som bar namnet Høyangsfjord. Det var tilflyttarar som tok Høyanger frå jordbruk- til industrisamfunn for nøyaktig 100 år sidan. I fjor fekk tettstaden i Sogn – på kort varsel asylmottak. Skepsisen var stor.

No er 140 flyktningar er på plass. I tillegg har kommunen busett 55 flyktningar med fast opphald dei siste åra.

Arve Ullebø og Hallrid Hegg

ULIKE GENERASJONAR: Fotograf Arve Ullebø viser Hallrid Hegg hennar eige portrettfoto. Ullebø vil portrettere Hegg sin generasjon saman med nye høyangringar.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Draumar før og no

Det er desse Arve Ullebø vil portrettere side om side med bygdas eldste. Målet er å fotografere 100 høyangringar. Pensjonistar og unge, nye høyangringar. Saman med bileta vil det følgje ein liten tekst.

– Desse ber alle på ein draum. Eg vil portrettere dei, og så stiller eg eit par spørsmål om bakgrunnen og kva draum dei har for livet sitt, forklarer fotografen og legg til:

– Pensjonistane har forhåpentlegvis fått leve ut sin draum, mens dei unge flyktningane har ein draum om korleis livet skal bli.

Hallrid Hegg

FLYTTA FRÅ LÆRDAL: Hallrid Hegg er tilflyttar i Høyanger, slik mange i hennar generasjon var. Barneskoa sleit ho ut i Borgund i Lærdal. Hegg er ein av pensjonistane som stiller opp i

Foto: Arve Ullebø

Pensjonistar rosar initiativet

87 år gamle Hallrid Hegg er sjølv tilflyttar frå Lærdal. Ho er nøgd med korleis hennar eige liv vart, og stilte gladeleg opp då Ullebø spurte om å få fotografere ho og ektemannen Agnar.

Agnar Hegg

VAKS OPP I HØYANGER: Agnar Hegg er fødd og oppvaksen i Høyanger, men har som mange andre i industristaden anar frå andre stader: Sunnfjord og Indre Sogn.

Foto: Arve Ullebø

– Det er viktig at vi tek godt i mot dei nye som er komne. Eg har snakka med fleire. Dei verkar å vere veldig trivelege, seier Hegg.

– Men eg vil jo helst ta meg godt ut, då, seier ho lurt.

Ektemannen Agnar rosar Ullebø for initiativet. 89-åringen meiner det er viktig at Norge opnar grensene for dei som treng hjelp.

«Eg trur dette prosjektet er viktig som ein del av integreringa mellom dei som har vore lenge i Høyanger, og vi som er nye.»

Hamza Sheikho, syrisk flyktning

– Det er nok mange som er skeptiske, men kva om Sverige hadde stengt grensa for oss under krigen? Det er noko å tenkje på.

Afghanske Ellahem

FLYKTA FRÅ AFGHANISTAN: Ellahem har livet framfor seg. Nett no er det sett på vent i Høyanger.

Foto: Arve Ullebø

Syriske Hamza: – Viktig for integreringa

For syriske Hamza Sheikho vart alle draumar lagt på vent, då den unge journalisten flykta frå krigsherja Syria. Planane om å studere drama er i det blå. No er han takksam for ei trygg seng i Høyanger. Sheikho trur Ullebø sitt fotoprosjekt kan slå positivt ut.

Torfinn Fimreite

VAKS OPP I HØYANGER: Torfinn Fimreite er fødd og oppvaksen i Høyanger, og meiner det er viktig å dokumentere historia. Forfedrane var, som typisk er på industristader, tilflyttarar.

Foto: Arve Ullebø

– Då Arve spurte var eg ikkje i tvil. Eg likar spesielt godt at han vil ha alle foto i svart-kvitt. Då skilnadene viska ut. Vi blir alle jamstilte. Eg trur dette prosjektet er viktig som ein del av integreringa mellom dei som har vore lenge i Høyanger, og vi som er nye, seier syraren.

Prosjektet har fått støtte frå både kommune og mottak. Planen er ei stor fotoutstilling i Høyanger i oktober. Arve Ullebø har saman med forfattar og tidlegare journalist Arve Sandal, også som mål å gi prosjektet ut i bokform.