Hopp til innhold

150 asylsøkjarar til Høyanger i november - ordføraren er uroa

Ordførar Petter Sortland er svært uroa etter at UDI har bestemt at det alt i november skal opnast eit asylmottak i Høyanger med 150 plassar.

Petter Sortland

UROA: Ordførar Petter Sortland i Høyanger slår fast at eit asylmottak med 150 plassar vil vere ei stor utfordring for kommunen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Alt 15. november kjem dei første asylsøkjarane til Høyanger. Det er Norsk Mottaksdrift as som skal drive det desentraliserte mottaket med plass til 150 personar.

Høyanger-ordførar Petter Sortland legg ikkje skjul på at han er svært uroa over vedtaket til UDI, som han vart gjort kjend med måndag.

Førebels er det kommuneadministrasjonen og kommunestyret som er informerte om vedtaket. Men Sortland trur ikkje reaksjonane kjem til å late vente på seg når planane vert kjende.

– Det ville vere å bløffe til folk å seie at dette vert som ein tur i parken. Dette kjem til å bli ei krevjande oppgåve for Høyanger kommune, seier Sortland.

Meiner alt handlar om pris

Han trur årsaka til at asylmottaket vert lagt til Høyanger at UDI er underlagt lova om offentleg innkjøp.

– Og då er det pris som tel. Sidan vi for tida har mange billege husvære så er det aktørar som kjøper opp hus og tilbyr dei til Norsk Mottaksdrift, og så vinn Norsk Mottaksdrift anbodskonkurransen. Vi står att som ein uskuldig tredjepart som korkje har søkt om eller føler tida er rett for å ha eit asylmottak, seier Sortland.

Han er budd på å gjere det beste ut av situasjonen, men hadde gjerne sett dette skjedde på ein annan måte.

– Det er krevjande å komme i ein slik situasjon som ein korkje har planlagt eller budsjettert med. Det strekkjer på det kommunale tenestetilbodet, seier Sortland.

Han peikar på at det er fleire grunnar til at timinga ikkje er god.

– For det første er vi innmelde i Robek. Det betyr at vi ligg innunder statleg kontroll på alle investeringar og også korleis vi driftsmessig ligg an på budsjettet, seier Sortland.

Mykje som skal på plass

Han peikar på at Høyanger lojalt har svart på utfordringane til Imdi (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet) som har med busetjing av dei som har fått opphald i Norge.

– Vi har sagt at vi tek imot 20 + 20 + 15 i åra 2014 til 2016. Når vi på toppen av det skal få eit asylmottak med 150 plassar, så er det krevjande å få beskjed om 1. september med oppstart 15. november, seier Sortland.

Han peikar på at det skal på plass både helsetenester til alle kategoriar og norskopplæring.

Han hadde sett at prosessen med UDI om asylmottak hadde vore lik den kommunen har med Imdi om å busetje flyktningar. Då kunne Høyanger også kommune ut som ein part som ville få noko att av eit asylmottak.

– Då hadde vi hatt ein heilt annan dialog. Og vi kunne også kanskje ha hoppa bukk over dei private aktørane som no skor seg på dette, og så er det vi som sit att med alt ansvaret, seier Sortland.

Er ikkje klar til å ta imot asylsøkjarar

Han er klar på at kommunen slett ikkje er klar til å ta imot eit asylmottak slik det er i dag.

– Nei, det er vi ikkje. Men no må vi berre snu oss rundt og gjere vårt beste. Vi må gjere det beste vi kan, seier Sortland.

Men han reagerer på prosessen, som slik han ser det, fungerer på den måten at med eit pennestrøk blir kommunen ein uskuldig tredjepart.

– Vi får eit vedtak tredd ned over hovudet vårt, og det frustrerer meg. Hadde vi fått valt sjølve, kunne vi kanskje gjort som Florø og drive eit mottak sjølve. Eller vi kunne gjort det i samarbeid med UDI etter at vi var litt meir på fote att økonomisk, seier Sortland.

Han fryktar mest av alt at kommunen ikkje skal vere i stand til å yte dei tenestene dei er forplikta til å gjere, godt nok.

– Eit slikt scenario gir berre taparar, seier Sortland.

Håpar på meir info på møte

Kommunen har bede om eit orienteringsmøte med Norsk Mottaksdrift og UDI.

– Dei må fortelje oss korleis dei har tenkt å drive dette her, spesielt med tanke på husvære og liknande, seier Sortland.

Etter det Sortland har forstått, skal det vere snakk om eit desentralisert mottak.

– Berre det kjem til å bli krevjande. Men vi får berre få tak i meir informasjon. Einaste eg veit er at vi er valt ut som ein plass der det skal bli mottak, seier Sortland.

Ledig bustadkapasitet spelte inn

Dagleg leiar i Norsk Mottaksdrift, Per Erik Lykstad, stadfestar at framdrifta er rask og at det vil komme bebuarar til asylmottaket allereie om knappe to månadar.

– Ja, i utgangspunktet kjem det bebuarar då. Erfaring har lært oss at alle kjem ikkje på ein gong, men dei startar å komme frå den datoen, seier Lykstad.

Kapasiteten blir på 150 personar, og mottaket er tenkt organisert med eit sentralt kontorlokale med 7,55 årsverk, og med desentraliserte bustadar, både einebustadar og leilegheiter.

– Kva er årsaka til at de valde nettopp Høyanger som stad for eit nytt mottak?

– For det første gjekk utlysinga på asylmottak i region vest. Då er Sogn og Fjordane eitt av dei fylka, og vi såg også på kor det ikkje var mottak frå før, seier Lykstad.

Han legg ikkje skjul på at det faktum at Høyanger har mykje ledig bustadkapasitet spelte inn.

– I tillegg så ser vi at Høyanger har gode offentlege tenester. Dei har mellom anna ein spreidd struktur der dei har tilbod om skule, barnehage og tenester ute i alle grender, seier Lykstad.

Blir fleire arbeidsplassar

Norsk Mottaksdrift as har forstått det slik at det er ein del ledig arbeidskapasitet i kommunen, noko dei meiner berre er ei fordel.

– Det vil vere relativt greitt å rekruttere tilsette der, seier Lykstad, og legg til at Norsk Mottaksdrift har lagt opp til svært god bemanning, samanlikna med det som er vanleg.

– Det er snakk om 7,55 årsverk der vi i størst mogleg grad ønskjer å få i stand hundre prosent-stillingar. Det vil vere god bemanning, seier Lykstad.

Han har forståing for at Høyanger-ordførar Petter Sortland meiner situasjonen er krevjande.

– Eg skjønnar at dei ser på det som ei stor oppgåve, for det er det. Det skal tilsetjast mykje nye folk, seier Lykstad.

Vanskeleg å planleggje fram i tid

Han peikar på at kommunen også får stønad frå UDI, ein såkalla vertsskapskommune-kompensasjon.

– Samtidig vil det også føre til ny aktivitet i bygda. Det blir mange årsverk av det. Totalt sett meiner eg kommunen kjem positivt ut av å ha asylmottak, seier Lykstad.

Etter drapet på Valdresekspressen, der ein asylsøkjar knivdrap tre personar, vart det retta sterk kritikk frå fleire hald fordi mottaket i Årdal vart etablert altfor raskt, slik at kommunen ikkje var godt nok førebudd.

Om vel to månadar skal mottaket i Høyanger vere oppe og gå.

– Det er stort sett slik at desse prosjekta har kort tidshorisont. Det er vanskeleg å planleggje fram i tid når det gjeld dette fordi det svingar mykje i innkomsten av asylsøkjarar, seier Lykstad.

Får sju nye stillingar

Regiondirektør i UDI, Atle Berge, peikar på at kommunen faktisk får sju nye stillingar, pluss lærarstillingar som ein følgje av vedtaket om asylmottak.

Det er rett at vi har vore i møte med Høyanger kommune, og at det ikkje er dette dei har ønska. Samstundes så ser vi alle at når vi får inn tilbod, så er vi nøydde for å vurdere dei tilboda etter dei lovene og forskriftene som gjeld, seier Berge til NRK.