Hopp til innhold

Her trur Beate at ho har tangert verdsrekorden

Då Beate Kårstad Støfring løfta 24-kiloskulene over hovudet for 66. gong var kettlebellutøvaren sikker på at verdsrekorden var i boks. Så kom skuffelsen.

Beate Kårstad Støfring

REKORD: Beate Kårstad Støfring trudde lenge at ho tangerte Kimberly Fox sin verdsrekord med 66 repetisjonar på ti minuttar i Kettlebell.

Foto: Privat

For klokka telte ti sekund meir enn den skulle under Kettlebell-konkurransen i Brisbane tidleg laurdag morgon norsk tid.

Dermed vart Beate Kårstad Støfring ståande att med 64 repetisjonar og ny personleg rekord som teljande resultat. Akkurat nok til å klare den høgaste rangeringa blant dei profesjonelle utøvarane.

– Eg hadde delt ein verdsrekord om ikkje klokka hadde rota til ti ekstra sekund. Men eg klarte Master of Sports-ranken, seier Jølster-jenta som har halde på med Kettlebell i tre år.

Målet i konkurransen var å slette sin eigen personlege rekord med 58 repetisjonar på ti minuttar. På lengre sikt er det verdsrekorden til Kimberly Fox ho siktar seg inn på. Under VM i California i februar måtte Støfring sjå seg slått med åtte repetisjonar av den amerikanske konkurrenten.

– No er målet 67 repetisjonar i mai. Om ikkje det går, så må eg klare det i VM i Korea i november. Då blir også Kimberly der, sa Kårstad då.

Med konkurransen i Australia laurdag morgon norsk tid, burde målet vere godt innanfor rekkjevidd.

– Men eg er framleis godt nøgd med 66 repetisjonar på ti minuttar og ti sekund, Jølster-jenta som no bur, studerer og trenar «down under» .