Førde-jente sjokkerte alle med VM-gull

Mona Brede Aase frå Førde sikra seg gull i sin klasse under VM i kettlebell i California i helga.

VM i Kettlebell

VM: Førde Kettlebellklubb stilte med ikkje mindre enn to utøvarar under VM i California i helga. Mona Brede Aase vart verdsmeister i si klasse, medan Beate Støfring tok sølv i si klasse. Trine Ryland er også med i klubben, men kunne ikkje løfte under VM.

Foto: Privat

– Mona er utruleg nøgd og har ein stolt coach etter resultata, seier trenar og lagvenninne Beate Støfring frå Jølster.

– Sjokkerte

Mona Brede Aase fekk gull i klassen +73 kg i øvinga "long cycle". På ti minuttar løfta ho dei 24 kilo tunge kulene 48 gonger over hovudet.

Ein prestasjon for ei Førde-jente som har halde på med idretten i litt over eitt år.

– Det er stort å gjennomføre sin første konkurranse med 48 repetisjonar og å slå så pass mange amerikanarar som har halde på med dette mykje lenger enn henne. Mona har halde på litt over eitt år, så eg trur folk fekk seg eit lite sjokk her, seier Støfring.

– Skuffa over seg sjølv

– Sjølv var ho ganske overraska. Vi var usikre på kor mange repetisjonar dei andre hadde. Vi håpa på pallplass, men då dei ropte opp andreplassen under premieutdelinga fekk vi sjokk, legg Støfring til.

Medan Brede Aase feirar VM-gullet, er Støfring tilbake på hotellet og bur seg til sjølvpålagd straffetrening etter hennar eigne 58 repetisjonar og sølv i klassa 73 kilo.

– For å vere ærleg, så er eg dritskuffa og dritforbanna på meg sjølv. Målet var minst 65 repetisjonar, men eg forstod frå dei første minutta at det ikkje ville gå, seier ho.

Kom bakpå frå start

For Støfring sin største konkurrent, Kimberly Fox, forbetra sin eigen verdsrekord med fem repetisjonar, då ho løfta kulene 66 gonger. Allereie etter få minuttar låg Fox tre repetisjonar føre Støfring.

Jølster-jenta fortel at både ho og lagveninna Brede Aase vart forkjølt etter at dei kom til California. Dette kan vere ei årsak til at ho ikkje nådde målet.

Beate Støfring trena Mona Brede Aase til gull, og løfta sjølv til sølv under VM i Kettlebell.

SJÅ VIDEO: Beate Støfring (t.h.) trena Mona Brede Aase til gull, og løfta sjølv til sølv under VM i Kettlebell. Her kan du sjå Støfring sine fem første, og fem siste, repetisjonar under konkurransen. FOTO: PRIVAT

– At eg i tillegg ikkje klarer å halde på tal repetisjonar per minutt, er ikkje bra for konkurranseinstinktet. Eg visste at ho ville ta av frå starten, men planen var å ta ho på spurten, legg ho til.

Vil ha verdsrekord

– Det verste ein kan gjere er å sjå på klokkene til konkurrentane, og det klarte sjølvsagt ikkje eg å unngå. Då eg såg ho ligge fem-seks repetisjonar føre meg mot slutten, vart eg umotivert, legg Støfring til.

Kettlebell er ein krevjande idrett, som krev både uthald og styrke. Og ikkje minst sterk psyke for å klare ti minuttar med smerte. For Brede Aase er Cup of Scandinavia i Danmark neste konkurranse i juli. Støfring reiser i mai til Russland for å prøve seg på verdsrekord.

– No er målet 67 repetisjonar i mai. Om ikkje det går, så må eg klare det i VM i Korea i november. Då blir også Kimberly der, seier ho.