NRK Meny
Normal

Sjukehusa har ikkje god nok kontroll på pasientjournalane

Det er omfattande svikt i pasientjournalane på norske sjukehus. Det slår Statens helsetilsyn fast.

Pasientjournal

SURFAR: Tilsette i helseføretaka har ofte tilgang til elektroniske journalar dei ikkje skal ha tilgang til.

Foto: Kar Løberg Skår / NRK

Tilsynet har gått gjennom ei rekkje saker, og har blant anna avdekt at personell har hatt tilgang til pasientopplysningar dei ikkje skulle ha.

Mange skrekkeksempel

Helsetilsynet har samla mange av avvika som no gjer at tilsynet slår alarm over for eigaren av landets sjukehus, Helse- og omsorgsdepartementet.

  • Sjå døme på dei mange skrekkeksempla frå heile landet nedst i saka!

Sneik i journalen

I Helse Førde opplevde ei kvinne at ein gynekolog visste detaljar om behandling ho hadde hatt hos psykolog. Pasienten fekk høyre igjen fortruleg informasjon om seg sjølv i sitt eige nabolag.

Svært alvorleg, meiner Statens helsetilsyn.

– Vi meiner det er veldig alvorleg at ein har svikt i så vidt kritiske system som desse pasientadministrative systema og elektroniske pasientjournalar ved sjukehus, seier seniorrådgjevar Bjørn Jamtli i Helsetilsynet.

Nasjonalt problem

Helsepersonell har mellom anna hatt tilgang til pasientopplysningar dei ikkje skal ha.

– Derfor har vi også funne det naudsynt å kontakte eigar, altså Helse- og omsorgsdepartementet. Både fordi det er veldig alvorleg og fordi vi meiner dette er meir eit nasjonalt problem, enn eit lokalt problem.

– Vi har påvist svikt i desse systema i alle helseregionar, seier Jamtli.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Pasientjournal. Illustrasjon

MINDRE PAPIR: Dei gamle papirjournalane blir erstatta av meir og meir elektronisk lagra informasjon. Men Helsetilsynet meiner systema har svakheiter.

Foto: Ola A. Thorset / Scanpix

Helse Vest: – Så fort som mogleg

Helse- og omsorgsdepartementet seier dei vil rydde opp i problemet.
Det same seier kommunikasjonsdirektør Bente Aae i Helse Vest.

– Vi tek det Helsetilsynet seier på alvor. Vi jobbar heile tida med innkøyring av dei elektroniske pasientjournalane i føretaka i Helse Vest. Dette er ei nasjonal utfordring, og heller uavhengig av system. Dette er noko vi må jobbe med for å få på plass.

– Når kan ein rekne med at helseføretaka driv lovleg?

– Dette er eit arbeid som går kontinuerleg, så det må skje så fort som mogleg.

Her er Helsetilsynet sine skrekkeksempel på journalrotet:

Vestre Viken HF (Sykehuset Asker og Bærum)

  • Mangla oppfølging, rapportering og kontroll med ventelistepasientar og behandlingsfristar.
  • Tilsette som handterte ventelistepasientar mangla opplæring i aktuelt regelverk og bruken av datasystemet.
  • Seksjonsoverlege på kirurgisk avdeling hadde fleire hundre ikkjehandsama dokument liggjande i datasystemet, mellom anna laboratoriesvar, røntgensvar og kreftmeldingar.

Helse Midt-Norge

  • Problem med kvalitetssystemet for elektronisk svar etter røntgen- og labprøvar og svikt i journalsystema.
  • Sårbart system for taleattkjenning ved diktering av journal.
  • Usikre og ulike rutinar frå helseføretak til helseføretak for elektroniske svar på lab og røntgen, inkludert svar på histologi (vevsprøvar for å avdekke kreft).

Diakonhjemmet sykehus

  • Uklare ansvarsforhold og manglande kunnskap.
  • Varierande bruk av dato ved skanning, manglande signaturar og oppfølging av prøvesvar.
  • Avdelingane brukar hjelpeark som forseinkar vurderingstida og aukar faren for feilregistreringar.

Universitetssykehuset Nord-Norge

  • 450 pasientar vart ikkje kalla inn til undersøking. Fleire av desse skulle utgreiast for kreft. (Avslørt av NRK 14. juli i fjor).
  • Uforsvarleg lang ventetid på polikliniske notat. Inntil åtte veker.
  • Rusdata-systemet ikkje trygt nok når det gjeld snoking i journalane.
  • Haukeland Universitetssjukehus

Haukeland universitetssjukehus

  • 1876 brev til pasientar vart ikkje sendt ut då sjukehuset gjekk over til eit nytt datasystem.
  • Stavanger Universitetssjukehus
  • 92 brev vart ikkje sendt ut til pasientar.

Oslo universitetssjukehusuniversitetssykehus

  • Fastlegar i ein bydel i Oslo viste pasientar vidare til sjukehus elektronisk i staden for i brevs form. Men legane oppdaga etter kvart at pasientane likevel ikkje fekk time ved Oslo universitetssjukehus. (NRK 11. mai 2011.)

Sjukehuset hadde ikkje datasystem som sytte for at meldingane frå fastlegane kom fram til rett avdeling.

Helgelandssykehuset

  • Ein pasient fekk i 2007 påvist sannsynleg kreft med spreidning til lungene. Røntgensvaret vart sendt til legen i sjukehuset sitt elektroniske pasientjournalsystem, men legen hadde slutta i jobben. Først då pasienten vart lagt inn i juni 2008 vart røntgensvaret oppdaga. Pasienten hadde då så framskriden kreft at den ikkje kunne behandlast.

Vestre Viken HF

  • Ansvarleg lege fekk ikkje tilgang til tidlegare journal då ein pasient med akutte cerebrale symptom vart lagt inn for akutt hjelp.

Bragernes behandlingssenter (privat institusjon)

  • Ein treningsinstruktør ved klinikken hadde full tilgang til senteret sitt pasientsjournalsystem, sjølv om vedkommande ikkje var autorisert helsepersonell.

Les meir på Helsetilsynet si nettside.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser