Hopp til innhold

Skreiv i feil pasientjournal

Helse Førde er klaga inn for Helsetilsynet etter feilføring av pasientopplysningar.

Førde Sentralsjukehus
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Feilføringa vart oppdaga av ein pasient som hadde innsyn i sin eigen journal og oppdaga opplysingar som ikkje handla om han.

Ber om forklaring

Fungerande fylkeslege Einar Hovlid
Foto: Solfrid Helvik

Fylkeslege Einar Hovlid seier dei har bede Sentralsjukehuset om ei forklaring på det som har skjedd.

- No veit eg ikkje kva opplysingar det er snakk om i dette tilfellet, men journalen skal vere oppdatert og rett, og det kan vere alvorleg når opplysingane hamnar i feil journal.

Oppdaga tilfeldig

At pasientopplysningane var bytte om vart oppdaga ved ei tilfelle. Ein pasient som hadde innsyn i sin eigen journal, oppdaga oppføringar som måtte gjelde ein annan pasient.

Kunne fått konsekvensar

Denne gongen blei feilen oppdaga før det fekk konsekvensar, men i verste fall kunne det ført til at ein pasient fekk feil medisinar eller ikkje fekk den behandlinga vedkomande skulle ha.

- Det er ein grunn til at pasientjournalen skal vere rett oppdatert til ei kvar tid, og det er for å kunne hindre slike ting.

Beklagar

Kommunelege Hans-Johan Breidablik.
Foto: Andrè Pedersen, VG / Scanpix

Fagdirektør Hans Johan Breidablik i Helse Førde beklagar det som har skjedd. Han seier dei no går gjennom rutinane for å sjå kva som kan gjerast for å hindre slike hendingar.

- Det er svært beklageleg, og det skal i prinsippet ikkje kunne skje. Vi vil no prøve å sjå om det er noko vi kan gjere med systemet vårt slik at vi kan gardere oss mot det. Samstundes må vi vel vere realistiske og tenkje at det kan skje slike tilfelle.