Helsedepartementet vil mellom anna at pasientjournalar skal vere tilgjengeleg for fleire helseinstitusjonar.
Ludvigsen er uroa for pasientane sitt personvern.
- Vi ønskjer det skal vere eit mykje større fokus på personvern og tausheitsbelagte opplysningar. Det er ein menneskerett å ha privatlivet sitt for seg sjølv.
Informasjon på tvers av institusjonar
Det er Regjeringa sitt framlegg til endringar i helseregisterlova og i helsepersonellova som får Gunvald Ludvigsen til å reagere.
Helsedepartementet vil at helseopplysningar skal gå på tvers av helseføretak, og at pasientjournalar skal vere tilgjengeleg for fleire helseinstitusjonar.
Dei argumenterer med at dette gjev er naudsynt for å gje forsvarleg helsehjelp. Ludvigsen meiner det er tilskade for personvernet.
- Jo fleire som får tilgang til opplysningar jo vanskelegare er det å sikre seg mot lekkasjar i frå uvedkommande. Helsepersonell sjølv har jo sagt at dei av rein nysgjerrigheit i mange tilfeller har gått inn i journalane utan å ha hatt nokon grunn for det, seier han.
Datatilsynet kritisk
Georg Apenes i Datatilsynet er også kritisk til det nye forslaget til regjeringa.
- Det er heilt naudsynt at ein kan ha tillit til at dei trumålsopplysningar som pasienten gir til legen sin, anten berre blir mellom dei to, eller berre vert gitt vidare med pasienten sitt samtykke.
- Sikrar rett behandling
Men stortingsrepresentant Ingrid Heggø i Arbeidarpartiet seier det er naudsynt å gjere endringar i systemet.
- Det trengs eit betre system for utveksling av journalar enn det ein har i dag. Dette handlar om pasienttryggleik. Det viktige er at når pasienten hamnar på eit anna sjukehus enn det han høyrer heime til, får ein rask og effektiv og riktig behandling, seier ho.
Saka skal handsamast i Stortinget 10.juni.