Hopp til innhold

Slik starta dei vinterferien

Heile 20 hundeekvipasjar frå Norske redningshunder har denne helga øvd seg på skredsøk i Sogndalsdalen.

Lavinetrening i Sogndalsdalen
Foto: Helene Sæterdal

Vinterferien er like rundt hjørnet og vêrmeldinga lokkar til uteaktivitet i den snødekte fjellheimen. Då bør ein også vere obs på snøskred.

Norske Redningshundar gjer det dei kan for å vere budde på skred og hadde si første samling i Sogndalsdalen i strålande vintervêr.

– Vi har øvd mykje. Alt ifrå nybegynnarar til godkjende hundar har delteke, og vi har hatt heile ni ekvipasjar oppe til godkjenningsprøve, fortel leiar i Norske Redningshunder, Knut Skår.

20 hundeekvipasjar frå både Askim, Østfold, Møre og Romsdal og Sogn var tilstades.

Knut Skår, hundeførar i Norske Redningshunder

SKREDØVINGAR: Leiar i Norske Redningshunder, Knut Skår, seier dei prøver å ha realistiske øvingar.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Vi har trent på praktisk søk i skred, og så realistiske skred som mogleg. Dei må ta ut primære søketeigar og vurdere skredfaren og gje best moglege forhold til hundane slik at dei kan gjere eit søk, fortel Skår.

Og nybegynnarane har jobba mykje med rett og slett det å finne folk i snøen, leg han til.

Realistiske øvingar med helikopter

Sjølv om vêret er fint og stabilt akkurat no, varierer det veldig. Skår seier det har vore periodar med høg skredfare.

Både luftambulansen og redningshelikopter var med på fleire av øvingane i helga.

Eit samarbeid med skredgruppa i Hafslo gjorde at dei flaug hundeekvipasjar inn til dei, samstundes som nokre frå skredgruppa der kom til Sogndalsdalen for å øve seg i skred der.

– Det var skikkeleg realistisk. Det er slike øvingar som er veldig nyttige.

– Når det går skred blir vi ofte samla mykje folk får ulike organisasjonar. Og det er dei gongane vi har god samhandling at vi kan lykkast i å gjere ein god jobb, seier Skår.

Unngå leområde

Birgit Russta ved snøskredvarslinga til NVE seier det nett no er faregrad 2, moderat, i varslingsområda Fjordane og Sogn.

Det betyr at skiløparar kan utløyse små skred, noko som til dømes skjedde i Sogndalsdalen tidlegare i veka. Det beste tipset til folk som skal ut i terrenget er å unngå leområde der snøen blir liggande.

– Vinden flyttar snøen inn i leområde, og det er dette som kan forårsake snøskred. Folk bør følgje med på våre nettsider varsom.no og setje seg inn i kva som kan forårsake skred, er oppmodinga frå Russta.