Hopp til innhold

Snø i vente i vest – men ikkje nok for skianlegga

Den første snøen er kommen på Vestlandet, men skitrekka er framleis avhengige av snøkanonen. I Midt-Noreg blir det derimot sendt ut farevarsel for snø.

Lite snø i skitrekket på Blomlia.

Vinteren let vente på seg på Vestlandet. Det meste av denne snøen er produsert med snøkanon.

Foto: Solveig Oddvarsdotter Myren / NRK

Mens alpinanlegga i Kvitfjell og Geilo allereie har opna, har snøen latt vente på seg på Vestlandet.

I Sunnfjord kom det litt snø måndag ettermiddag, men det meste av snøen i skibakken på Blomlia skisenter er framleis heimelaga.

Dei treng hjelp frå snøkanonane for å få farga skibakken kvit. Slik er stoda fleire stader i landet, men samtidig er det sendt ut farevarsel i andre område.

Det er veldig kjekt at snøen begynner å komme. Det er litt tidleg enno så vi må hjelpe litt til, seier Rune Øksenberg, frivillig på Blomlia skisenter i Sunnfjord.

Rune Øksenberg er frivillig på Blomlia skisenter

VENTAR: Rune Øksenberg er frivillig på Blomlia skisenter i Sunnfjord. Han er glad for kaldvêret, sjølv om han enno må vente på dei store snømengdene.

Foto: Solveig Oddvarsdotter Myren / NRK

Øksenberg og dei andre frivillige nyttar kaldvêret til å produserer kunstsnø for harde livet.

Målet er å kunne opne den minste bakken.

– Det kjem nokre dagar som ser veldig lovande ut, så vi håper vi kan få lagt fundamentet no.

Ifølge statsmeteorolog Bente Whal vil det kalde vêret halde fram på Vestlandet.

I tillegg kan det komme litt meir naturleg snø.

Les også Sesongåpner alpinanlegg tross strømkrise – mener smartteknologi reduserer energiforbruket

Kvitfjell sesongåpning 2019

Farevarsel for snø

I Nordland er det derimot venta litt andre vêrforhold. Ifølge meterlogen vil vintervêret sette inn for fullt denne veka.

På Narvikfjellet har skitrekket enno ikkje opna, men dei forventar å opne i løpet av helga.

– Det har komme litt snø det siste døgnet. Vi har også hatt fine temperaturar slik at vi kan produsere kunstsnø, seier marknadsansvarleg på Narvikfjellet, Helle Holt.

Det er venta kraftig vind og snøbyer, og det er sendt ut varsel om snøfokk som kan gi vanskelege køyreforhold.

– I og med at det er snøbyer vil det variere frå stad til stad, men ein må i alle fall vere førebudd på ordentleg vintervêr, seier Whal.

Også i Møre og Romsdal og Trøndelag er det venta 10–25 cm med snø og ein del vind.

– Vi ventar ein del snø, og har sendt ut farevarsel for snø i Møre og Romsdal og Trøndelag.

For skitrekket i Narvik er vêrvarslinga godt nytt, sjølv om dei har blitt vande med ustabile snøforhold i desember.

– Vi er avhengige av å produsere snø for å kunne opne på denne tida av året, seier Holt.

Småbyer på Austlandet

– På Austlandet er det ganske rolege verforhold, seier Whal

Det er mogeleg at det kan komme nokre spreidde snøbyer på slutten av dagen på tysdag.

– Men det er snakk om små mengder, viss det i det heile tatt kjem noko.

Også her er vêrvarslinga for veka ganske usikker.

På torsdag er det mogeleg at det dannar seg eit lågtrykk litt sør for Agder, som kan gi litt nedbør.

Les også Snøen kjem i aust, men Emilian må vente

gut med akebrett

Litt snø på Vestlandet

For Øksenberg og dei andre frivillige ved Blomlia, er det førebels usikkert kor lenge dei må vente på nok natursnø.

– Det er mogeleg at det kan kome noko snø litt seinare i veka, men det ser ikkje ut som om det er dei store mengdene, seier meteorolog Whal.

Det er også usikkert kor snøen på Vestlandet eventuelt vil komme.

Viss det kjem noko nedbør vil det nok vere snø, fordi det er ein kjølig vêrtype.

Ifølge Varsom.no er det venta aukande snøskredfare i takt med mogeleg nysnø og vind.

Skredfaren aukar mest i Nordfjord der det er venta mest nysnø.

Snøkanon på Blomlia skisenter.

Snøkanon står for mesteparten av snøen på Blomlia skisenter i Sunnfjord.

Foto: Solveig Oddvarsdotter Myren / NRK