Hopp til innhold

Slik skal UP luke ut endå fleire farlege bilistar

Rusa sjåførar, råkøyrarar og andre kriminelle på vegane går tøffare tider i møte i Sogn og Fjordane. Til hausten går UP frå to til fire patruljar, den eine blir utrusta med det nye testapparatet som effektivt stoggar førarar rusa på narkotika eller medikament.

UP

FRÅ TO TIL FIRE: Det blir dobbelt så mange UP-patruljar på vegane i Sogn og Fjordane frå hausten av. Den eine av dei fire blir sivil, medan Sogn, Nordfjord og Sunnfjord no vil ha kvar si patrulje.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Eg trur dette vil føre til ei betydeleg betring av trafikktryggleiken, seier distriktsleiar for Utrykkingspolitiet på Vestlandet, Terje Oksnes.

I dag er det to UP-patruljar i Sogn og Fjordane. Ein i Nordfjord og ein i Sunnfjord, der sistnemnde også har jobba langs vegane i Sogn. Frå hausten av får Sogn si eiga patrulje. I tillegg blir det oppretta ei sivil UP-patrulje som mellom anna skal jobbe med etterretning knytt opp til mobile vinningskriminelle.

– Dei uniformerte bilane som er i Sogn og Fjordane i dag gjer ein veldig god jobb. Det er dyktige folk og det ser ut til at vi har fått tak i veldig gode folk på dei to nye patruljane. Dette vil ha stor betydning, seier Oksnes.

Spyttprøve skal stogge rusa førarar

Den sivile patruljen får base i Sunnfjord og skal reise rundt i fylket etter behov, fortel Oksnes.

– Dei har som primæroppgåve å ta ut farlege trafikantar som ikkje nødvendigvis berre har trafikklovbrot på samvitet, men som også driv med anna form for kriminalitet.

Dette kan til dømes vere personar som fraktar narkotika eller tjuvegods langs vegane.

Distriktssjef Terje Oksnes i UP med Drugtester 5000

AVSKREMMANDE: Distriktsleiar for UP på Vestlandet, Terje Oksnes viser fram UP sin Drugtester 5000. Oksnes håpar fleire let vere å køyre i rusa tilstand i frykt for å bli avslørt.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Patruljen vil også vere utrusta med ein ny type rustest, apparatet Drugtest 5000. Ved hjelp av ei spyttprøve gir denne politiet raskt svar på om det er mistanke om at føraren er rusa på medikament eller narkotika.

– Berre i UP-distriktet Vest har vi ei dobling av rustekne i forhold til måltalet vårt, og dette skuldast det nye apparatet. Eg trur at det i Sogn og Fjordane vil bli avslørt mange fleire ruskøyrarar som brukar annan rus enn alkohol, seier Oksnes om kontrollaktiviteten framover.

Blir applaudert av Trygg Trafikk

– Politikontrollar er viktige for at folk skal køyre etter fartsgrensene, rusfritt og følgje trafikkreglane elles på ein god måte. Dette helsar vi hjarteleg velkommen, seier Audun Heggestad som er fylkessekretær for Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane.

Audun Heggestad

SVÆRT POSITIVT: Audun Heggestad i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane trur meir synleg politi langs vegane i seg sjølv har ein førebyggande effekt.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Heggestad trur ei dobling av talet patruljar vil ha ein tydeleg førebyggande effekt.

– Forsking viser at ser ein politibilar så held folk seg til fartsgrensene i større grad enn om ein ikkje ser dei.

Trygg Trafikk har stor tiltru til at bruken av måleinstrumentet Drugtester 5000 vil kunne stogge fleire farlege ruskøyrarar i trafikken.

– Du kan forvente at sjåføren av kvar hundrede bil du møter er rusa, det er ganske mykje. Dette apparatet kjem heilt sikkert til å plukke ut mange sjåførar i fylket, seier Heggestad.