Hopp til innhold

Slik skal Sogndal vere best mogleg rusta til comebacket i eliteserien

Planen er lagt. Sogndal-spelarane skal gjennom ein intensiv treningsmånad i januar, før mange treningskampar ventar i februar. For allereie tidleg i mars brakar det laus.

Terje Skjeldestad (t.v.) og Marius Lennie Bøe

KLARE PLANAR: Terje Skjeldestad (t.v.) og toppspelarutviklar og trenar for andrelaget, Marius Bøe, har saman med resten av støtteapparatet lagt planen for korleis Sogndal skal vere best mogleg rusta til sesongstart.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi byrjar 6. januar med spelarane. Det blir ti dagar med trening før vi reiser til Gran Canaria den 16, seier assistenttrenar Terje Skjeldestad.

Dei to vekene i sørlege strøk er sett av til berre trening.

– Vi skal trene godt der nede og ser fram til det, seier Skjeldestad.

Kort og intensiv oppkøyring

Etter den svært overbevisande sesongen i 1. divisjon, der opprykket i realiteten aldri var truga, må førebuingane til årets sesong bli annleise.

– Oppkøyringa er nesten ein månad kortare i år. Det blir meir kompakt, og vi vil måtte trene jamt og godt heile vegen fram til sesongstart. Vi får heller ikkje så mange kampar før sesongstart i år, seier assistenttrenaren.

Likevel har dei nytta tida etter sesongstart til å spikre eit opplegg med mange kampar i februar. Både Raufoss, Florø, Førde og Brann kjem på besøk til Sogndal. Elles blir Haugesund motstandarar i ein kamp i Vestlandshallen i Åsane.

Mot slutten av månaden reiser laget til den tradisjonelle turneringa på La Manga. Der blir Tromsø ein av motstandarane, medan den andre ikkje er klar enno.

– Vi må ta vare på alle desse kampane og nytte dei godt, seier Skjeldestad.

Viktig med god start

Generalprøven før sesongstart helga 11.–13. mars blir mot Hødd på Fosshaugane.

Ein god start på comebacket blir viktig, seier Skjeldestad.

– Frå april fram til sommaren blir det to kampar. Vi må vere best mogleg rusta til det, for mange poeng og cupavansement står på spel. Det er ingen bakdel om vi plukkar mykje poeng i starten. Men vi skal spele 30 kampar, to gonger mot alle lag, uansett korleis vi vrir og vender på det, seier han.

Men førebels har støtteapparatet ikkje brukt mykje energi på å tenke offisielle kampar.

– Vi har evaluert fjoråret og lagt gode planar for det som kjem. Det er klart sesongstarten blinkar der framme og at vi gler oss, men vi har mykje jobb som skal gjerast før det, slik at vi er best mogleg rusta når den tid kjem.

Sogndal opnar sesongen borte mot Bodø Glimt helga 11-13 mars, og tek i mot Vålerenga på Fosshaugane helga etter. Her er heile terminlista.