Hopp til innhold

Slik skal dei stogge Putin sin fiskenekt

Fiskeri- og havbruksnæringa tek no alle tilgjengelege middel for å få stogga den varsla importstansen av all fisk til den viktige russiske marknaden.

Vladimir Putin og laks

PUTIN SKAPAR LAKSETRØBBEL: Russland innfører no importstogg for mellom anna mat produsert i EU og Noreg. Norsk fiskerinæring vil bli hardt råka.

Foto: NRK / NTB Scanpix

Torsdag morgon kom sjokkmeldinga via amerikanske Bloomberg News. Russland stoggar all import av kjøtt, fisk, grønsaker og mjølkeprodukt frå USA, Canada, Australia, EU og Norge.

Dette som ein direkte reaksjon på dei økonomiske sanksjonane som dei same landa har retta mot Russland.

I løpet av torsdagen har det kome fram mange uromeldingar frå sjømatnæringa, som årleg eksporterer fisk til Russland til nærare sju milliardar kroner. Men bak i kulissane blir det no jobba iherdig for å stogge president Vladimir Putin sine planar om importstogg.

Ei samla næring vonar at norske styresmakter skal klare å overtyde russarane om at ein importstogg vil vere svært uheldig for begge land. Ikkje minst fordi russarane sjølv har ein omfattande foredlingsindustri.

– Vi har diskutert dette, og vi har heilt klart konkludert at dette er ein vanskeleg situasjon for sjømatnæringa. Det er ikkje så enkelt når ein så stor marknad som Russland dett vekk over natta, seier styreleiar i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforbund (FHL), Gunnar Domstein.

Gunnar Domstein

UROA: Styreleiar i FHL, Gunnar Domstein.

Foto: Maria Holand Tøsse

FHL har i løpet av dagen hatt styremøte, og det er oppretta kontakt mellom næringa og norske styresmakter. Frå ulikt hald har det også blitt peika på at Russland ikkje har lov til å innføre eit slikt generelt importforbod sidan dei er medlemer av Verdas handelsorganisasjon.

Må sjå seg rundt etter nye marknader

– Grunnvilkåra for handel mellom land er at alle skal behandlast likt. I tillegg er det reglar om forbod mot etablering av importforbud. Ein kan tollregulere importen, men ikkje forby nokon varer. Nokon unntak finst det, som for eksempel med betalingsvanskar og dersom matvaren er farleg for liv og helse, seier professor i jus ved Norges fiskerihøgskule, Peter Ørebech.

I Måløy sit styreleiaren i FHL og følgjer nøye med på den vidare utviklinga i saka. Han vil ikkje overdramatisere det som no skjer, men innser at næringa er nøydd for å tenkje annleis i månadane framover.

– Norsk sjømatnæring er robust, og har evne til å sjå seg om etter nye marknader. Konkret så er det å ta kontakt med styresmaktene som er i stand til å hjelpe oss gjennom ein vanskeleg situasjon, slik at vi i alle fall har god oversikt over situasjonen, seier Domstein til NRK.

Vil få konsekvensar for pris

Med eit stort overskot av laks og anna fisk som skulle vore eksportert til Russland, meiner dei fleste at det vi føre til langt lågare prisar for dei ulike fiskeslaga. Ikkje minst fordi næringa no må ut og finne nye marknader for særleg sild, makrell, laks og aure.

– Det kan få priskonsekvensar på kort sikt. Men vi er vande med at havbruksnæringa har svingingar. Dett er eit bilete som vi har sett tidlegare som no igjen er nøydd for å handtere. Dette er veldig ulikt, anten det er snakk om laks og havbruk eller villfisksektoren. Russland er ein viktig marknad, og det er svært leitt at dei stenger oss ute. Men eg er overtydd om at vi finn andre marknader for fisken, meiner Gunnar Domstein i FHL.

– Dette handlar om politikk

For dei store produsentane av sjømat, blei Putin sitt dekret om importstans merkbare på Oslo børs. Marine Harvest fall 8,30 prosent til 99,50. Men aksjen blei handla stort. Eit urealisert verditap på nær tre milliardar for oppdrettsgiganten.

– Vi må jo berre registrere at dette no handlar om politikk som vi ikkje kan påverke. Vi kan ikkje gjere noko anna enn å avvente kva som blir den endelege avgjerda. Det er sjølvsagt ingen god dag for for oss som eksporterer til Russland. Men vi må berre ta på oss arbeidshanskane og omstille oss. Vi er absolutt klare for dette, seier dagleg leiar i sal- og marknadsselskapet Coast Seafood, Sverre Søraa.