Hopp til innhold

– Tenk om vi hadde vore vekke. Då er det ikkje sikkert vi hadde hatt noko hus lenger

Et lite batteri i ei kommodeskuff tok plutseleg tok fyr og røykla stova til Oddlaug Flugekvam. Ho er glad det ikkje gjekk verre.

Brann i kommoden til Oddlaug Flugekvam

OVERRASKA: – At det kan ta fyr har ikkje vore i tankane mine, seier Oddlaug Flugekvam.

Foto: Oddlaug Flugekvam

Oddlaug Flugekvam kosa seg ute i finvêret, då brannvarslaren starta å ule. Inne i stova var det grå røyk.

– Det seiv røyk frå kommodeskuffa og røyken fylte stova, fortel Flugekvam.

I skuffa låg ein pakke med led-kubbelys med fjernkontroll. Pakka var ikkje teke i bruk. Flugekvam meiner brannen starta i batteriet i fjernkontrollen.

Ho fortel at emballasjen var smelta, og serviettane som låg i same skuff var brent opp. Det var berre glør igjen.

– Eg fylte vatn i ein bakebolle eg hadde ståande på kjøkkenbenken og sprang fram og attende, seier Flugekvam, som slik fekk sløkt brannen.

Avisa Firda har også omtala saka.

Overraska over at det kan ta fyr

Flugekvam bur saman med dei tre barna sine på Vassenden. Dei stod på farten til å reise vekk då det tok fyr i kommodeskuffa.

Batteri tok fyr i kommode

TOK FYR: Slik såg det ut i kommodeskuffen.

Foto: PRIVAT

– Tenk om vi hadde vore vekke. Då er det ikkje sikkert vi hadde hatt noko hus lenger.

Ho seier ho har kjøpt led-lys nettopp med tanke på tryggleik.

– At det kan ta fyr har ikkje vore i tankane mine. Eg kjøper gjerne slike lys for at det skal vere tryggare enn andre lys, seier Flugekvam.

Etter hendinga måtte stova luftast ut, og gardiner vaskast. Kommoden hamnar på søppeldungen.

– Om det hadde skjedd om natta hadde det vore veldig traumatisk for ungane, seier ho.

– Skal vere trygt

Flugekvam vil ikkje lenger bruke lysa etter hendinga.

– No har eg kasta telysa med batteri, eg vil ikkje ha dei i hus.

Leiar i beredskap på brannstasjonen i førde, Bjørn Berge, seier han sjeldan har høyrt om at ubrukte batteri er kjelde til brann. Han seier produksjonsfeil kan vere ei forklaring

– Det er energi i batteri som utviklar varmgang. Det kan ha vore ein feil på det eller feil brukt, seier han.

– Bør vi vere redde for å ha ledlys i hus?

– Vi kan ikkje byrje å bli engstelege for det. men det er viktig at dei som opplever det melder ifrå slik at ein forhindre at det skjer fleire slike hendingar.

Han påpeiker at det nok er større brannfare ved bruk av stearinlys enn led-lys.

– Kva for forholdsreglar kan vi ta?

– Ta ut batteriet på det vi legg vekk i skuffer, slik at det ikkje er kopla til produktet. Men slike ting skal eigentleg vere trygt, seier Berge.

  • Les også: Forskarar har utvikla nytt «super-batteri»
Batteri tok fyr i kommode

BATTERIET: Eit batteri av denne typen var det Oddlaug Flugekvam meiner forårsaka brannen.

Foto: PRIVAT