Politiet: Desse resirkulerte røykvarslarbatteria førte til husbrann

KYRKJEBØ (NRK): Batteria du lagrar til resirkulering kan vere små brannfeller. Ekteparet Valsvik mista nesten heimen sin i brann, og politiet meiner røykvarslarbatteri var årsaka.

brent batteri etter husbrann

BRANN-BATTERI: Desse batteria frå røykvarslarar var årsaka til at det byrja å brenne i eit hus på Kyrkjebø før jul.

Foto: Steinar Lote / NRK

Alt er klart til jul, berre juletreet står att å pynte då Toril Valsvik høyrer smell ifrå gangen.

– Det var to dagar før jul, eg hadde lagt siste hand på verket, minnes Toril Valsvik.

Etter fleire smell veltar røyken ut. Det brenn i huset. Ektemannen Bjørn Tore kjem seg inn frå tunet og grip tak i pulverapparatet. Dei klarar å få kontroll på brannen, som sidan skulle vise seg å ha ei overraskande forklaring.

– Eg synest det er heilt utruleg, at det går an, seier Bjørn Tore Valsvik.

I ein pose med batteri

I skapet i gongen der flammane velta ut, var vanleg ting lagra, mellom anna låg brukte batteri i ein pose. Tre veker tidlegare hadde Bjørn Tore gjort det vi alle vert oppmoda om, å skifte batteri i røykvarslarane før jul. Dei gamle batteria vart lagt i ein pose i skapet i gangen. Politiet meiner desse 9-volts batteria er brannårsaka.

– Her har vi restar av moppar, tøy og batteri.

Framfor politiførstebetjent Oda Elvegård Thorstad ligg bevis fulle av kull.

– Vi har ikkje funne nokon mogleg brannårsak, verken på åstaden eller gjennom etterforskinga, bortsett frå desse batteria, seier Elvegård Thorstad.

9-volts batteri har ein pluss– og ein minuspole på enden. Kjem ein metallgjenstand i kontakt med begge polane, kan batteriet kortslutte og gje nok varme til at det tek til å brenne.

– Kva synest du om at noko som er så vanleg i norske heimar, kan ha utløyst ein brann?

– Det er skremmande. Det er sikkert er veldig mange som oppbevarer batteri utan å tenkje over at det kan vere brannfarleg.

Batteri byrja å brenne

BRANNÅRSAK: Politiet meiner eit 9-volts batteri var med på å starte brannen i heimen til Toril og Bjørn Tore Valsvik på Kyrkjebø.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Enkelt å sikre seg

Det er ikkje nokon eigen statistikk over kor ofte brannar har starta på grunn av batteri. Men brannetterforskar Jan Bjarte Skrøppa ved Førde og Naustdal lensmannskontor har sett det fleire gonger. At brannen starta etter at Valsvik ønskte å sikre seg mot nettopp brann, er eit paradoks, vedgår Skrøppa.

– Det er veldig spesielt. Ein gjer eit førebyggande skritt med å skifte ut batteria, og så skjer dette. Det er leit å få omvendt effekt av det som var ønskja.

Men med enkle grep kan ein sikre seg mot liknande hendingar.

– Fest ein teip over batteria. Då har vi sikra batteria, så enkelt er det, seier Skrøppa.

Har ikkje høyrt om at dette har skjedd før

Batteria politiet meiner tok fyr kjem frå Biltema. Marknadsansvarleg Dag H. Bergby i Biltema skriv i ein e-post til NRK at han ikkje er kjend med at batteria deira har forårsaka brann tidlegare.

– Slik vi har forstått saka var dette eit batteri som vart oppbevart i ein pose, saman med fleire andre batteri. Batteri som ligg samla og med ubeskytta polar, fører til ein risiko for kortslutning. For å unngå kortslutning anbefaler vi at det blir sett ein tapebit over batteripolane og at batteri blir leverte på eigna innsamlingsstad.

– Bør Biltema informere på batteria/pakningen om fare for sjølvantenning?

– Vi har i dag ei åtvaring om kortslutning på både batteri og innpakninga, noko vi meiner burde vere tilstrekkeleg. I tillegg har vi laga ein plakat som skildrar korleis folk bør behandle 9-volts batteri. Infoen ligg ute på våre heimesider under produktet, skriv Bergby i e-posten.

Oda Elvegård Thorstad

SMÅ BRANNFELLER: Politiførstebetjent Oda Elvegård Thorstad, ved Høyanger lensmannskontor held det einaste politiet meiner kan ha starta brannen i hendene. Eit 9 volts batteri.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Snart heime igjen

Over ein månad er gått sidan brannen sette ein stoppar for julefeiring i heimen. Snart er skadane reparerte og ekteparet kan flytte heim. Dei prisar seg lukkelege for at dei var heime då brannen starta.

– Eg trur ikkje det har gått opp for meg kor heldige vi har vore, seier Toril Valsvik.

– Det var vondt, men no er vi snart komne heim att, seier Bjørn Tore Valsvik.

om du ikkje gjer dette enkle trikset.

KAN FØRE TIL BRANN: Vanlege 9 voltsbatteri kan føre til brann om dei ikkje blir sikra med ein tapebit.

Flere nyheter fra NRK Sogn og Fjordane