Hopp til innhold

Utanlandsk løysing på jordbærmangelen

I mangel på norske bær, må syltetøyprodusenten Lerum importere store mengder jordbær frå utlandet.

Lerum-anlegget på Kaupangerskogen

IMPORTERER: Stor jordbærmangel får følgjer for syltetøyprodusenten Lerum.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Grunna avlingssvikt hos norske produsentar har Lerum i år fått inn 40 prosent mindre norske jordbær enn i fjor. Løysinga er import i stor skala, hovudsakleg frå Polen.

Administrerande direktør, Trine Lerum Hjellhaug, seier dei gjerne skulle hatt meir norske bær.

– I år får vi akkurat nok bær til dei produktseriane vi berre skal ha norske bær i. Men vi ynskjer meir, så vi skulle gjerne sett at avlingane var betre, seier ho.

Fleire enn Lerum

Trine Lerum Hjellhaug

IMPORTERER: Trine Lerum Hjellhaug seier dei får mesteparten av importbæra frå Polen.

Foto: Anne Lise Urdal

Men Lerum I Sogndal er ikkje åleine om å merke jordbærmangelen. Norges største medlemsorganisasjonen for jordbærprodusentar, Gartnerhallen, reknar med ein gjennomsnittleg nedgang på avlinga med mellom 30 og 40 prosent.

Det seier leiar for dyrkarane, Thorleif Müller.

– Det er mykje på grunn av vinteren, men også litt på grunn av ein varm sommar, seier Müller.

Taper på lovverk

Thorleif Müller

LEIAR: Thorleif Müller i Gartnerhallen.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

Samstundes som det blir jobba med å finne ein ny jordbærplante som passar det norske klimaet, kan imponert av ferdig produserte jordbærplante løyse vinterskadeproblemet.

For fleire tiår sidan vart dette ulovleg grunna sjukdomen raud mark. Ifølgje Müller er sjukdomen allereie komen til landet og det vert pressa på for å få lova endra.

– Den er under revisjon, og det går mot at vi får lov til å importere jordbærplantar. Det går veldig sakte og i mellomtida taper norsk produksjon marknadsandelar mot importerte jordbær, avsluttar han.