Hopp til innhold

Slik lagar du enkel turmat i påska

FØRDE (NRK): «Alltid budd» er speidarane sitt motto. Det kan du også vere til turen din i påska. Her får du nokre gode tips til enkel turmat.

SPENTE: Thea Dalen Hatlestad og Sara Kirketeig lurer på korleis muffinsen blir.

For kanskje er både du og dine lei av grilla pølse på bål? Det krev faktisk ikkje så mykje førebuing før turmaten blir fornya.

For kanskje fristar det med appelsinmuffins eller eit grillspyd?

Stig Jonny Fitje

FRILUFTSGLEDE: Speidarleiar Stig Jonny Fitje seier at borna trivast ute i naturen.

Foto: David Kandal / NRK

I skogen like ovanfor Førde kyrkje, held ein gjeng KFUK-KFUM-speidarar til. Nesten kvar torsdag, i all slags ver, tek dei turen ut i naturen.

Speidarleiar Stig Jonny Fitje seier målet er å lære dei unge praktiske ting som å knyte knutar, spikke og lage mat. Og å få inn friluftsglede.

– Eg trur dei lærar å setje pris på å vere ute og å vere i aktivitet. Vi lærer ungane å fyre opp eit bål, ha bålvett og ikkje minst kose seg rundt bålet etterpå. Dei lærer også å bruke kniv og kniv-vett.

BÅLKOS: I speidaren lærer dei å fyre opp bål, kose seg rundt bålet og ikkje minst bålvett.

Denne kvelden er det matlaging som står på programmet.

– Vi skal muffins i appelsin, vaflar, toast og grillspyd.

Erick Nsabimbona har vore med i speidaren i tre år og seier dei lærer mykje. I dag har han laga seg eit ostesmørbrød som han har steikt på bålet.

– Eg har hatt på ost, skinke, lauk, smør og krydder, men det blei visst litt svidd, seier han.

Erik i speidaren i Førde

MAT I DET FRI: Erick Nsabimbona (t.v) har vore med i speidaren i tre år og trivast godt. Til høgre sit Robert Mani Kjartansson.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Her er speidarane sine forslag til enkel turmat:

Muffins i appelsin

SØTT OG GODT: TA med røre, hol ut ein appelsinen, fyll på røra og steik appelsinen.

Foto: David Kandal / NRK

Muffins i appelsin

  • Skjer toppen av ein appelsin
  • Grav ut innmaten
  • Hell i muffinsrøre, vanleg eller sjokoladesmak (her kan du anten bruke muffinsmix på pose eller lage røra sjølv)
  • NB! Ikkje fyll heilt fullt med røre for muffinsen hevar seg
  • Ha på toppen
  • Pakk appelsinen inni folie
  • Legg pakken på bålet
  • La den ligge der 10–15 minutt
  • La den kjøle seg litt før du opnar pakken
  • Nyt gode muffins ute i naturen
Grillspyd

GRILLSPYD: Ta på det du likar best.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Grillspyd

  • Ferdige kjøttbollar (då sikrar du deg at det allereie er gjennomsteikte)
  • Eventuelt anna kjøtt/pølsebitar
  • Ananas, lauk, paprika, mais
  • Berre fantasien set grenser
  • Lag grillspyda ferdige heime, eller pakk med deg ingrediensane, kniv og ei skjerefjøl. Då kan kvar enkelt lage sitt grillspyd på turen
Toast på bål

OSTESMØRBRØD: Legg ditt favorittpålegg mellom to brødskiver. Ta anten med eit toastjern eller pakk inn i folie og legg rett på grillen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Toast/Ostesmørbrød

Denne kan du kanskje lage ferdig heime?

  • Kvar enkelt puttar det dei vil mellom to brødskiver
  • Forslag: Ost, skinke, salami, ketchup, lauk, paprika, ananas
  • Pakk deretter toasten inn i folie
  • Pakk i sekken
  • Legg den på bålet/grillen når du er framme
Vaffel

GODT STEIKT: Det meste smakar godt når ein er ute i naturen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Vaffelrøre på flaske

  • Lag vaffelrøre
  • Hell røra på ei tom brus- eller saftflaske
  • For å lage vaflar på bål, trengst dei eit vaffeljern tilpassa dette
  • Hugs å ta med litt smør eller liknande så ikkje røra seg vaflane set seg fast
  • Nyt nysteikte vaflar

Her er tips til anna god turmat