NRK Meny
Normal

Hundeeigarar skuldar på allergi for å kvitte seg med problemhundar

Foreininga for omplassering av dyr (FOD) opplever påfallande mange som skuldar på allergi når dei vil omplassera hundane sine. Ofte dreier det seg om åtferdsproblem heller enn rennande nase. Dette er eit problem, meiner fleire i bransjen.

Bente Axelsson

LÆRER GOD OPPFØRSEL: Veterinær Bente Axelsson er på kurs med kvalpen Philly for å få ein triveleg familiehund.

– Er hunden rundt to år når han vert annonsert for omplassering, så trur eg som regel alltid i mitt stille sinn at dette handlar om åtferdsproblem, seier Irene Mirkovic Sønnervik, som er hundeinstruktør i Norsk Kennel Klubb (NKK).

Med base i Førde arbeider ho tett med hundeeigarar, og ser alt frå sjarmerande rampekvalpar til problem som har fått utvikla seg. Arbeidet bør setjast i gang tidleg for å førebyggje problem meiner ho.

Kvalpetrening

TRENING: På kvalpekurs blir det brukt mat som motivasjon i treninga.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Det første eg ser på i ei annonse er alderen til hunden. Viss hunden er rundt to år når den skal omplasserast, så ville eg stilt meg svært tvilande til allergi hjå eigar som reell årsak, då ein ville ha merka dette før hunden vart to år. Det er også rundt denne alderen at åtferdsproblem vil materialisera seg, seier Sønnervik.

Stort skadepotensial

– Om ein legg hovudvekt på feil, manglar og problem, så er det kan hende ikkje så mange som ønskjer å ta til seg dyret. Ein hund kan ha eit stort skadepotensial om han hamnar i feil hender, seier Sindre Engen frå FOD.

Uærlegheit i sal- og omplasseringsannonsar er eit problem, bekreftar fleire kjelder NRK har vore i kontakt med. Allergi er ei vanleg grunngjeving, men og årsaker som mangel på tid og anna er brukt.

Kvalpetrening

VERDT TIDA: Det er viktig å leggje eit godt grunnlag medan hunden er kvalp, meiner hundetrenar Irene Mirkovic Sønnervik

Foto: Ine Eftestøl

Store hundar – store utfordringar

Det å få ein hund med åtferdsproblem inn i familien kan påverka heile livet, meiner Bente Axelsson. Ho har opplevd hundehald som ho kallar eit mareritt. Den førre hunden sin fekk ho gjennom omplassering:

– Fantastisk flott! Høg og mørk, men det hjelper jo ikkje det når han ikkje hadde god oppførsel!

Ho valde å avliva hunden etter mykje slit, då ho mista fullstendig kontroll på han.

– Ein føler at ein har feila. Mislukkast, seier ho ærleg.

No er ho på kurs med den seks månader gamle kvalpen sin Philly, for å unngå ei gjentaking av marerittet.

Den første hunden sin fekk ho for 15 år sidan. Opplevinga gjorde at ho venta lenge før ho torde å prøva igjen, trass i at ho er ein stor hundeelskar.

– Det vart heil forferdeleg. Det vart ikkje den gleda eg hadde førestilt meg med å ha hund. Så det er ikkje rart det har gått nokre år!

Philly er framleis kvalp, og lett å handtere. Men rundt kjønnsmodning vert hundane ofte meir utfordrande, om ikkje god dressur allereie er på plass. Det er gjerne i denne alderen at frustrerte eigarar ønsker å finna ein ny heim til kjæledyret, meiner Axelsson.

Philly

BEDANDE BLIKK: Philly har ei streng matmor, men det er til hans eige beste meiner eigaren.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Bør vakte seg

– Særleg vaksne hannhundar i toårsalderen som vert omplasserte grunna allergi, dei bør ein vakte seg for. Eller ha ein god instruktør ein kan få hjelp av. Det er ofte i denne alderen at det verkeleg kjem til syne kva ein har greidd å skape. Har du ikkje oppdragelesen på plass på denne tida så kjem utfordringane som verst, trur Axelsson.

Sindre Engen bekreftar at det er påfallande mange som oppgir allergi som grunn for omplassering og sal.

Ifølgje Norges Astma- og Allergiforbund er det ikkje statistikk på kor mange som har hundeallergi i Norge, men ein runde på sals- og omplasseringsannonsar på Finn.no bekreftar at det er fleire allergikarar som leitar etter nye heimar til hundane sine.

Engen understrekar at han vegrar seg for å skulde nokon i å lyga, og seier at det sjølvsagt kan dreia seg om reelle lidingar, men meiner det kan vera lurt å ha dette i bakhovudet om ein leitar etter hund på nett.

Hundeannonse

STORE HUNDAR: Sindre Engen frå FOD påpeikar at dei har mange store hannhundar inne for omplassering. Biletet viser facebooksida deira.

Hjå FOD forsøker dei å kvalitetssikra prosessen med omplassering, ifølgje Engen. Om nokon oppgir allergi som grunn så kan dette stemme, men om det ligg andre årsaker bak avgjerda så let det seg vanskeleg bevise. Han rådar dei som omplasserer og sel hundane sine til å vera så ærlege som mogleg:

– Ein er jo faktisk pålagd å opplysa om forhold som har betydning for dyrets velferd ifølgje dyrevelferdslova.

–Ta han med på tur

– Om ein skal overta ein hund bør ein vera nøye med å spørje om dei riktige tinga. Det går på blant anna åtferd, om korleis hunden oppfører seg overfor folk, hundar og andre dyr, korleis han taklar å vera heime aleine, men og undersøkje litt kring helsehistorikken til hunden, så slepp ein å få seg overraskingar som kan verta veldig kostbare.

Engen meiner det er lurt å vurdera hunden og seljaren nøye før ein bestemmer seg for å ta med heim ein ny ven.

hund

SØTE SMÅ: Problema veks med storleiken til hunden, meiner veterinær Bente Axelsson.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Ein bør generelt vera litt aktsam, og forsøkje å vurdera både hunden og den som ynskjer å omplassera eller selja dyret. Sjå an om dette verkar som ein seriøs person, som ein kan få tak i dersom det skulle vise seg at dette ikkje var hunden for meg.


– Eg plar føreslå at folk skal ta med hunden ut på ein tur i det minste, for å sjå korleis han reagerer i ulike settingar.

Var redd

Hundeeigar Bente Axelsson er einig i at det er viktig å vurdera både hund og seljar. Den førre hunden sin valde ho å avliva, heller enn å freista å omplassera, då ho var redd for kva som kunne skje om åtferda hans spann enno meir ut av kontroll.

– Han styrte heile kvardagen vår. Det vart utriveleg, seier ho.

På tur måtte ho tjore hunden i lyktestolpar når andre hundar passerte, då han vart for sterk og vilter for henne.

– Til slutt var eg usikker på når eg kom til å miste totalt kontrollen, og det ville jo eigentleg bety at han beit meg eller nokon andre, eller at han ville ta produksjonsdyr og gjere skade på det viset.

Han var ein omplasseringshund då ho fekk han, og ho ville ikkje omplassera den uhandterlege hunden vidare.

– Eg fann ut at dette var ikkje noko eg kunne halde på med, og eg trudde at det hadde litt med hunden å gjera og, så eg valde å avliva han. Eg synst det var det beste, seier ho.

Eigar sitt ansvar

– Det var ein utruleg dårleg erfaring. Og ein vert jo utrygg og, ikkje sant? Kan eg ha hund? Greier eg dette? Det var jo eg som feila, det var ikkje hunden si skuld!

Axelsson følte mykje rundt den første hunden sin. Dette er ho ikkje aleine om, ifølgje erfaringane til Engen:

– Det er nok ein del som opplever det som eit personleg nederlag å måtte omplassere eller selje dyret sitt, når dei i utgangspunktet hadde planar om å behalde dyret heile livet ut, seier han, og råder og til å søkje hjelp om det ser ut som åtferda til dyret er i ferd med å utvikla seg i ei uheldig retning.

Axelsson gjer nettopp dette, og meiner dei som ønskjer seg eit triveleg familiemedlem bør leggje ned det arbeidet som trengst for å få hundehaldet til å verte ei fin oppleving.

Ho trenar no disiplinert med vesle Philly på kvalpekurs, og håper å sleppe «allergiske plagar» når han veks til.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.