– Stresset aukar og orienteringssansane kan slå ut. Med mykje røyk kan det vere vanskeleg å sjå lengre enn ei armlengde og å vite kva retning som er kor, seier Sintef-forskar Gunnar Deinboll Jenssen.
Kvart år vert det i gjennomsnitt registrert 25 brannar i norske tunnelar. Dei fleste utan store konsekvensar, men enkelte gongar kan følgjene verte dramatiske. Slik som i Fjærlandstunnelen måndag.
Derfor kan det vere lurt å reflektere over kva ein må gjere, før ein hamnar i ein slik situasjon.
Varsle, sløkke eller evakuere
Jenssen legg vekt på at ulike tunnelar kan ha ulike evakueringsutgangar. Tunnelar med to løp der trafikken går i kvar si retning har ofte naudutgangar over i det andre løpet, der røyk ikkje kan trenge gjennom. Slik er det ikkje i mange av tunnelane på Vestlandet som berre har eitt løp.
Det viktigaste er uansett å få varsla om brann, forsøke å sløkke brannen eller evakuere dersom det ikkje er mogleg.
Dette er ekspertane sine råd:
Bli sitjande eller evakuere frå bilen?
Det vert gitt ulike råd om kor vidt ein bør forlate bilen eller bli sitjande og vente på berging. I utgangspunktet er det sjølvbergingsprinsippet som gjeld, i tråd med den norske tunnelsikkerheitsforskrifta.
– Dei som er nærmast og ser brannen kan sjå om det er mogleg å køyre forbi, medan dei som er bak berre opplever dette som ein kø. Det var dette som skjedde i Gudvangatunnelen, der fleire stod fast, forklarer Jenssen.
I bilen kan ein verte skjerma for røyk ein periode, men det er viktig å kome seg unna dersom situasjonen utviklar seg eller ein ikkje har kontroll over kva som brenn.
– Vi har eksempel der det har vore tankbilar som har tatt fyr, og drivstoff har runne utover i tunnelen. Det kan også vere anna materiale i brann som skapar giftig gass. Då gjeld det å kome seg raskast mogleg ut.
– På veg ut bør ein dekkje til ansiktet eller halde seg lågt der det er mest oksygen. Røyken er varm og går oppover, forklarer Leif Linde, fungerande brannsjef i Bergen.
Likevel er det ikkje alle brannar ein treng å evakuere frå.
– Ein vanleg bilbrann er som regel raskt over og utgjer ikkje stor fare for andre enn dei som er nærmast.
Det er viktig å få eit visst overblikk skal ein avgjere kor vidt ein bør evakuere.