Hopp til innhold

Slik kan «Nynorskens hus» bli

Fem aktørar ønskjer å byggje ut det som kan bli «Nynorskens hus» i Førde. NRK, avisa Firda og Sogn og Fjordane Teater er blant dei som kan tenkje seg å vere med.

Nynorskens hus - Christina Kvamme
Det er planar om eit «Nynorskens hus» i Førde med nye lokale for NRK Sogn og Fjordane, Firda, Sogn og Fjordane teater og fleire andre verksemder.

Torsdag vart formannskapet i Førde orientert om dei ambisiøse planane. Fem utbyggjarar har levert skisser for korleis dei ser føre seg at bygget kan sjå ut.

– Vi har fått inn fem veldig spennande prospekt frå utbyggarar som har tilgjengeleg areal, seier prosjektleiar Arve Sandal til avisa Firda.

Sandal poengterer overfor avisa at det ikkje har vore lagt opp til ein offisiell arkitektkonkurranse, men at utbyggjarane i første gang har blitt bedne om å komme med skisser som syner bygga utvendig og plassert i bybildet sentralt i Førde.

– Vi ønskjer å byggje eit nasjonalt fyrtårn for det nynorske språket som er pressa frå alle kantar av engelsk og bokmål, seier Sandal til Firda.

Positiv distriktsredaktør

Distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer, har tru på prosjektet.

– Ved at fleire bedrifter går saman i eit felles hus vil vi lære av kvarandre, vi vil bli meir kreative og vi får nyskaping. Det vil også bli lettare å hente inn krefter utanfrå gjennom at vi kan dele på utgiftene. Det vil også vil vere bra for trivselen, seier han.

Også Rasmus Mo, styreleiar for Sogn og Fjordane teater, er positiv.

– Eg har stor tru på «Nynorskens hus». Samlokalisering, nettverk og kunnskapsdeling er rette modellen for vekst i distrikta, seier han.

Rasmus Mo

POSITIV: «Nynorskens hus» i Førde kjem til å fungere som ein magnet for nyskaparar, seier Rasmus Mo.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vil fungere som magnet

Mo har også hatt ei sentral rolle under etableringa av Campus i Sogndal, eit prosjekt som har hatt sto suksess.

– Det er no 47 bedrifter og 830 tilsette ved Campus i Sogndal, langt meir enn vi hadde drøymt om. «Nynorskens hus» i Førde kan bli litt av det same og vil fungere som ein magnet for nyskaparar, seier han.

Forutan NRK, Firda og Sogn og Fjordane teater har verksemder som Selja Forlag, Rein design, Findriv, Rom for ord og Rakkar og signalisert at dei kan tenkje seg å vere med i «Nynorskens Hus».

Neste trinn i prosessen vil vere å leggje fram prospekta for eigarane av Firda, Amedia, og NRK sentralt.