Hopp til innhold

– Nynorsk er eit svært presist språk

HOVDEBYGDA (NRK): Sjefen for Etterretningstenesta i Forsvaret, Generalløytnant Morten Haga Lunde, er kåra til Årets nynorskbrukar 2017. Han fekk utmerkinga under opninga av Dei nynorske festspela torsdag.

Morten Lunde Haga

Sjef for Etterretningstenesta i Forsvaret, Morten Haga Lunde, er årets nynorskbrukar.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Morten Haga Lunde får prisen fordi han har gjeve bruken av nynorsk i etterretninga ein autoritet i eit område som har vore mindre språkleg mangfaldig enn resten av samfunnet, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Det var ein glad og stolt nynorskbrukar som tok imot prisen i dag.

– Det er med stor glede eg tek imot ein slik ærefull pris. Dette er stas og etterretningstenesta tykkjer det er stas. Vi føler vi blir sett med eit viktig produkt, seier Haga Lunde til NRK like etter at han har teke imot prisen.

Morten Haga Lunde

Frå prisutdelinga under Dei nynorske festspela.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Overraska

Prisen som «Årets nynorskbrukar» består av ein pengesum på 100.000,- kroner og eit grafisk blad som er laga av kunstnaren Arne Nøst. Det er Nynorsk kultursentrum som deler ut prisen.

– Eg vart overraska. Dette var uventa. Det kom heilt ut av det blå, seier Haga Lunde. Han fortel at han ikkje kjente til prisen eller utdelinga og at han var i ferd med å avvise telefonsamtalen frå Nynorsk kultursentrum for nokre månader sidan. Til slutt vart han overtalt av assistenten sin til å snakke med leiaren for senteret, Ottar Grepstad.

Eg sa eg kunne snakke i eit halvt minutt. Men den samtalen blei litt lenger, skrattar den nybakte prisvinnaren.

– Naturleg å bruke nynorsk

Generalløytnant Morten Haga Lunde skreiv den nye rapporten om terrorfaren i Noreg på nynorsk. Dette blei trekt fram under utdelingsseremonien under Dei nynorske festspela torsdag.

– I rapporten for 2017 var det naturleg for meg å gjere dette. Eg hadde tenkt på å bruke nynorsk i fleire stillingar eg har hatt i forsvaret tidlegare. Og eg har brukt noko nynorsk tidlegare også. Det er viktig å vise fram språket og eg finn ein presisjon som ligg i nynorsken, seier Haga Lunde.

– Nynorsk er eit presist språk. Det er eit godt rapportspråk. Og vi brukar nynorsk stadig meir. Og vi ser at det er fleire tidlegare nynorskbrukarar som no leitar fram att dette språket og tek det i bruk.

– Språket er ein del av meg

Haga Lunde kjem frå Hordaland. Og han har halde fast ved både dialekta og skriftspråket han lærte på skulen.

– Dette språket er ein del av meg. Dialekta har vore med meg når eg har budd fleire stader i Noreg. Det er ei utfordring. For vi kan fort få det vi kallar ei NATO-dialekt. Den er ikkje så vakker.

Morten Haga Lunde seier at han ikkje ser på prispengane som sine eigne pengar.

– Eg har berre gjort plikta mi som embetsmann. Pengane kjem til å bli delt i to og går til dei to veteranforeiningane vi har i Noreg. Det vil seie veteranforeininga for internasjonale operasjonar og foreininga for dei som er skadde i internasjonale operasjonar. Dei to foreiningane får 50.000,- kroner kvar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL