NRK Meny
Normal

Slik herja vinden i Florø i kveld

Vinden kan framleis auke noko i Sogn og Fjordane, men til no ser det likevel ut til at ein har kome frå Nina utan store øydeleggingar.

Ekstremvêret Nina merkast godt i Florø laurdag.

VIND: Det er til no ikkje meldt om skadar som følgje av ekstremvêret Nina, men vinden har røska godt i kystbyen Florø. Foto: Truls Kleiven

– Ved Ytterøyane fyr, nordvest for Kinn i Florø, har det vore full storm i tre timar. Der har vi målt den kraftigaste vinden med 28, 3 meter i sekundet, fortel vakthavande meteorolog Mette Skjerdal.

På Myklesbustfjellet i Bremanger har det også vore vindfullt, med liten til full storm i lengre tid. Der og på Ytterøyane fyr er dei kraftigaste vinkasta målte, og dei kom opp i 34,2 meter i sekundet. Kråkenes fyr som tradisjonelt er særs utsett for vind har til no kome ifrå det med "berre" sterk kuling.

Held på til midnatt

Naudetatar, kommunar, kraft- og teleselskap har vore i beredskap og på alerten heile laurdag. Frykta for kva som kunne kome ut av ekstremvêret Nina var stor, men til no har verken politi eller andre meldt om store skadar. Fleire vegar og ferjesamband er stengde og innstilt på grunn av uvêret.

Nina ruskar ved kaia i Florø

UVÊR: Lærdomen etter å gå ut i ruskevêr - sett alltid på handbrekken i bilen! Foto: Peter Andersson

Det er likevel for tidleg å seie at ein har sleppt heilt unna. Ting kan openberre seg når det blir lyst, og vinden skal framleis halde på i alle fall til midnatt.

– Det blir truleg verst no og dei komande timane. Etter midnatt minkar det nok på også her, så litt ut på natta er nok det verste over, seier Skjerdal.

Meteorologisk institutt sitt siste varsel, som kom like før klokka 20, tyder på at det no bles sterk kuling til liten storm, 22 meter i sekundet utsette stader. Vinden er venta å auke til full storm, 25 meter i sekundet, og kan også kome opp i sterk storm med vindkast på 35–45 meter i sekundet. Først seint i kveld er det venta at vinden vil løye.

Snø har også skapt problem

I ei pressemelding som summerer opp situasjonen for straumselskapa i fylket, blir snøen heller enn ekstremvêret blir trekt fram som årsak til straumproblem. Men, like før klokka 22:30, vart det klart at 730 husstandar i Askvoll er utan straum.

100 kundar er råka i Førde i området Angedal og Rørvikfjellet, her er venta innkopling klokka 23. I Vik må 15 av Sognekraft sine kundar bu seg på å vere utan straum til søndag. I Fjærland skal alle husstandar unnateke Brehytta ha fått tilbake straumen, etter å ha vore utan delar av kvelden.

I motsetnad til under orkanen Dagmar som råka fylket i romjula 2011, ser det dermed ut til at straum- og telenettet har kome godt frå uvêret.

– Det har ikkje vore store straumutfall eller spesielle problem i Sogn og Fjordane, og ein føl situasjonen løpande. Alle aktuelle selskap har sett beredskap og kriseleiing tilpassa situasjonen, som umiddelbart kan aukast til behovsnivå, skriv distriktssjef for kraftforsyninga i fylket, Asgeir Aase i meldinga.

Telenor melde tidlegare i dag om at fem basestasjonar i fylket var ute, og at ein truleg ikkje ville kome i gang med retting av feil før søndag.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast