Hopp til innhold

700 personar var utan straum

Straumproblema i Askvoll skal no vere under kontroll, melder Sogn og Fjordane Energi på sine nettsider, klokka 14.30.

Værlandet sett frå toppen av Alden

UTAN STRAUM: Værlandet er av områda som no er utan straum, og truleg vil vere det til søndag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Store delar av området frå Atløy til Bulandet i Askvoll vart råka. I byrjinga var nær 730 kundar utan straum, like etter klokka 23.30 laurdag var framleis 400 råka.

Det melde Sogn og Fjordane Energi på sine nettsider. Vêrtilhøva gjer også at det ikkje er mogleg for kraftselskapet å ta seg fram i området slik at feilen kan bli lokalisert eller retta med det første.

– No har tyngda at dei råka på Atløy fått tilbake straumen, men Værlandet og Bulandet er framleis ute, så nær 400 husstandar er straumlause, seier Asgeir Aase, nettsjef i Sogn og Fjordane Energi til NRK klokka 23:30.

Vêret gjer at det ikkje er mogleg for straumselskapet å ta seg ut til området i dag, og det er difor heller ikkje klart kva som var årsak til feilen. Mykje tyder likevel på at det er vinden som har kome saman med ekstremvêret Nina som er skuld i feilen.

Han seier folk som er råka av straumstansen må bu seg på å vere utan straum, truleg til søndag.

– I morgon klokka 8 reiser vi med båt og helikopter ut til øyane, og har ekstramannskap med frå Florø for å finne feil og starte retting, seier Aase til NRK.

Det er også venta at vinden vil halde fram mot midnatt.