Hopp til innhold

Michaelsen krev at kommunen tek ansvar etter snorklippe-skandalen

Eldreminister Åse Michaelsen (Frp) krev at Vågsøy kommune no må rydde opp i forholda på Kulatoppen Omsorgssenter.

Åse Michaelsen

MÅ TAKAST PÅ ALVOR: Kommunane må ta tryggleiken til dei eldre på alvor, meiner eldreminister Åse Michaelsen (Frp).

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Den siste tida har det kome fram fleire kritikkverdige saker knytt til omsorgssenteret, mellom anna at alarmsnora til ein pasient blei klipt av for å hindre det pleiaren meinte var mas.

Eldre- og omsorgsministeren stiller kommunane til ansvar når eldreomsorga sviktar.

– Vi kan ikkje ha kommunar som ikkje tek eldres behov for tryggleik og verdigheit i kvardagen på alvor. Eg forventar ar den administrative og politiske leiinga er sitt ansvar bevisst, seier Michaelsen.

– Gjeld det også Vågsøy kommune?

– Så absolutt. Viss der er gjentakande hendingar, og hendingar som vitnar om dårlege haldningar og leiarskap, må kommunen kjenne sitt ansvar.

I gang med tiltak

Pårørande Brit Lødøen fortalde nyleg historia om mora som fekk alarmen fråkopla på sjukeheimen. Ho er glad for å få eldreministeren på bana.

– Det er flott at ho engasjerer seg, og flott viss det er eit signal om at sanninga skal fram og ein skal rydde opp i ting, seier Lødøen.

Brit Lødøen

GLAD FOR ENGASJEMENTET: Brit Lødøen er dotter til pasienten som fekk alarmsnora fråkopla ved Kulatoppen Omsorgssenter. Ho set pris på at eldreministeren kjem på bana.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Pasientombodet i Sogn og Fjordane har dei siste tre åra fått inn 12 klagesaker som omhandlar Kulatoppen. I to av sakene har omsorgssenteret fått krass kritikk av Fylkeslegen i Sogn og Fjordane.

Kommunalsjef i Vågsøy, Jeanette Jensen, seier til NRK at dei sette i verk tiltak då det blei oppdaga fleire avvik ved omsorgssenteret i 2017 og 2018.

– Dette skal ikkje skje. Det er ikkje i tråd med lovverket, rutinane og prosedyrane til Kulatoppen. Hendinga med alarmsnora blei det gjort feilvurderingar av enkeltpersonar, seier Jensen i Dagsnytt 18.

Dei har også hatt fleire møte med dei tilsette.

– Vi har fått tilbakemelding frå omsorgssenteret om tiltak dei har sett i verk. Vi følgjer dette framleis, men tenkjer at dei er i ferd med å gjere det dei skal for å ha ei forsvarleg verksemd, seier fylkeslege i Vestland Helga Arianson.

Har fått reaksjonar

Brit Lødøen har fått reaksjonar på historia til mora, men har også fått høyre andre sine historier frå andre institusjonar og langt tilbake i tid.

– Det viser at når det skjer noko med foreldra dine på institusjon, så er det ikkje noko ein legg vekk med ein gong. Det kjem tilbake i tankane når det dukkar opp saker i media, seier ho.

– Det har vore ei belastning, men eg ønskjer jo ei opprydding i saka og få vite kva som eigentleg har skjedd. Tanken har heile tida vore tenkt at eg tek ein for laget.