Hopp til innhold

I dag er det vanskeleg å kome seg mellom aust og vest

Skal du over fjellet i Sør-Norge søndag kan det vere lurt å sjå ekstra godt på både vêr og vegmeldingar.

Webkamera ved Bjøberg

KOLONNE: På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er det søndag ettermiddag opna for kolonnekøyring for alle køyretøy.

Foto: Statens vegvesen

Det har vore eit fæla ruskevêr på fleire av fjellovergangane i Sør-Norge søndag. Då NRK snakka med trafikkoperatør Katrina Kvåle ved Vegtrafikksentralen i Bergen klokka 8.30 søndag morgon fortalde ho om vanskelege forhold.

Ved Vegtrafikksentralen i Bergen får NRK opplyst at det er venta at vêret skal bli betre utover sein ettermidag og kveld. Det er likevel uvisst korleis dette vil slå ut for stengingar og kolonnekøyring, er beskjeden klokka 14.

På riksveg 13 over Vikafjellet har brøytemannskapa søndag føremiddag vurdert vêret som så ille, og meldingane så dårlege, at fjellovergangen tidlegast blir opna i morgon. Det same gjeld for Hol-Aurland.

Slik er status klokka 21.45:

  • E6 Dovrefjell – Snø- og isdekke
  • E16 Filefjell – Snø- og isdekke, redusert sikt enkelte stader.
  • E134 Haukelifjell – Stengt på grunn av uvêr. Blir ikkje opna søndag.
  • Riksveg 7 Hardangervidda – Stengt for køyretøy med totalvekt under 7,5 tonn. Kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn på grunn av uvêr.
  • Riksveg 9 Hovden-Haukeli – Kolonnekøyring på grunn av uvêr.
  • Riksveg 13 Vikafjellet – Stengt på grunn av uvêr. Blir ikkje opna att søndag.
  • Riksveg 15 Strynefjellet – Vekslande snø- og isdekke. Fare for elg.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – Kolonnekøyring på grunn av uvêr.
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – Stengt på grunn av snøskred. Blir ikkje opna att søndag. Stengt ved Osebrekka.
  • Fylkesveg 53 Årdal-Tyin – Snø- og isdekke, redusert sikt.

Du får oppdaterte vegmeldingar på Statens vegvesen sine sider.

– Folk bør velje Filefjell

Filefjell 11. februar

HER ER DET OPE: Kan du velje, blir du råda av Vegvesenet på Vestlandet til å velje E16 over Filefjell om du skal over fjellet i Sør-Norge i dag.

Foto: Statens vegvesen

Det er sterk vind og snøfokk som fører til dei vanskelege køyreforhold på fjellovergangane i Sør-Norge. Vêret er først venta å bli betre seint på ettermiddagen, så folk som skal køyre mellom Austlandet og Vestlandet bør vere førebudde.

– Det er berre på Filefjell at brøytemannskapa trur dei kan klare å halde fjellovergangen open for fri ferdsel gjennom heile dagen. Det skal blåse veldig mykje, det blir vanskelege køyreforhold så om folk kan velje, så bør dei sikte seg inn mot E16 over Filefjell, var rådet frå Kvåle ved Vegtrafikksentralen i Bergen søndag morgon.

Ifølgje meteorologane skal vinden auke på til søraust sørleg sterk kuling utsette stader. Det er difor venta vanskelege køyreforhold. Først seint i ettermiddag er det venta at vinden skal løye.

– På Hemsedalsfjellet har brøytemannskapa varsla at dei fryktar dei må stenge i løpet av dagen. Kor tid det eventuelt skjer er vanskeleg å seie. Også på Hardangervidda kan det blir heilt stengt, der er det no kolonnekøyring for tyngre køyretøy, seier Kvåle.

Om fjellovergangane blir heilt stengde vil det også gå tid etter at vêret har løya før vegane kan opne att. Dette fordi det vil ta tid å brøyte opp att vegane etter at uvêret har fått herje.

Redusert sikt på Strynefjellet

På riksveg 15 over Strynefjellet er det også ope for fri ferdsel. Ifølgje trafikkoperatør Jeanette Andresen ved Vegtrafikksentralen Øst har entreprenøren på fjellovergangen ikkje varsla at det kan bli kolonnekøyring eller stenging på kort varsel her.

– Men det er redusert sikt enkelte stader, vekslande snø- og isdekke og fare for elg. Det er venta snøbyer og frisk bris, men per no er det ikkje utsikter for at det kan bli stengt på kort varsel, seier Andresen søndag føremiddag.

Tunge køyretøy måtte snu på Bjøberg

KOM SEG IKKJE OPP: Desse to tunge køyretøya skal ikkje ha kome seg opp den første bakken etter bommen på Bjøberg, på austsida av Hemsedalsfjellet. Her er dei på veg austover igjen.

Foto: Statens vegvesen

Kom seg ikkje opp – måtte snu

I 10.30-tida i føremiddag har brøytemannskapet på Hemsedalsfjellet stoppa to tunge køyretøy som ikkje klarte å komme seg opp den første bakken etter bommen på austsida av fjellet.

NRK har snakka med entreprenøren som fortel at dei to køyretøya vart ståande i den første bakken etter Bjøberg. Køyretøya har no snudd, og sjåførane har fått beskjed om at dei ikkje får vere med over fjellet før vêret har betra seg.