Hopp til innhold

Slik blir dei overtydde om å sende kundane sine til Sogn

LUSTRAFJORDEN (NRK): Ribb-båtsafari, stavkyrkjebesøk og luftige vaflar på ein fjellgard var blant ingrediensane då europeiske turoperatørar var på sponsa tur i Sogn. Blir dagen vellykka kan det bety fleire, lukrative gjester til området.

Turoperatørar på Skåri høgdegard

LUFTIGE VAFLAR: Turoperatørar frå Sveits, Russland, England, Spania og Frankrike fekk servert vaflar utandørs på ein fjellgard i Skjolden.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Dette er ein aktivitet vi lett sel til våre kundar. Det er spenning, natur på nært hald, personleg.

Kieran Drummond nikkar mot ribb-båten som duppar i Sognefjorden. Vel om bord saman med dei andre turoperatørane, kjem Grieg sin «Morgenstemning» på høgtalarane. Passasjerane slepp frå seg eit kollektiv sukk.

På brygga står salssjefen og smiler. Mykje står på spel for ho denne dagen.

– Det er alfa og omega at dagen vert vellykka. Her må vi levere av ypparste klasse, seier Heidi Hauge i Visit Sognefjord.

Vil ha den aktive turisten

Visit Sognefjord brukar 100.000 kroner på å vise fram Sogn til utvalde turoperatørar. Dei skal bli overtydde om å selje Sogn til sine klientar. Fleire er spesialiserte innan aktivitets- eller luksusmarknaden. Dette er verdfulle turistar, forklarar Hauge.

– Dei brukar meir pengar, dei er her ein lengre periode, dei er aktive, dei handlar lokalt og dei et på restaurantane våre, seier Hauge.

– Tidlegare var det mange store bussgrupper som hadde veldig dårleg tid. Dei var kanskje berre var ei natt i Sognefjorden.

Francesc Masò Boj og Mar Miranda

HEIMELAGA: Francesc Maso Boj og Mar Miranda frå Acaminar Travel i Spania spesialiserer seg på vandring. – Kundane våre vil vandre, men vil også handle lokale produkt og møte dei som bur i området, seier Miranda.

Foto: Silje Guddal / NRK

Den aktive turisten som kjøper seg opplevingar er på frammarsj, stadfestar Fjord Norge.

– Adventure-turisten er den turistgruppa som vekse mest globalt, seier direktør Kristian B. Jørgensen.

– Vi ser eit enormt potensial med å hente inn turistar som både vil oppleve og gjere aktivitetar, og kople det med kultur- og kunstopplevingar.

Bålpanne, fjordhest og utsikt

Omfanget av turistar som ønskjer seg skreddarsydde feriar er, ifølgje Jørgensen, i ekstrem vekst. Drummond frå Delta of Scandinavia seier dei lagar den ferien klienten ønskjer.

– Vi skreddarsyr turane. Kundane ser etter unike opplevingar, ting som masseturisten ikkje ser. Nokre vil berre ha hotell og bil og ordnar resten sjølv, andre vil ha helikopter.

Visningsturen vert avslutta på høgdegarden Skåri. Medan brunosten sveittar i sola, spør ein av operatørane etter oppskrifta på den heimelaga sylta. Salssjef Hauge meiner utgiftene vil betale seg.

– Den beste marknadsføringa vi kan ha, er at dei kjem hit og ser produktet sjølv.

Etter rundturen skal turoperatørane evaluere dagens inntrykk.

– For meg er dette høgdepunktet. Det er unikt, ein svært spesiell plass, seier Drummond.

– Har du sakna noko i løpet av dagen?

– Meir tid på enkelte av plassane, for å kunne ta inn opplevinga, hadde vore fint.

Turoperatørar på visningstur i Sogn

DOKUMENTERER: Kieran Drummond frå Delta of Scandinavia seier kundane vil oppleve Noreg på nært hald. – Vandring, sykling, kajakk-turar, men også gastronomiske opplevingar, lokal mat og å møte dei lokale innbyggjarane.

Foto: Silje Guddal / NRK