Hopp til innhold

Politiet etterforskar no lakserømminga – miljøvernarar krev straff

Politiet har sett i gang etterforsking etter at 17.000 laks rømde frå eit slakteri i Sogn. To ulike partar har meld slakteriet.

Slakteriet Brekke

RØMDE HER: Eit hol i ei av merdene var årsaka til at fleire tusen oppdrettslaks rømde frå Brekke i Ytre Sogn.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Politiet er i ein innleiande fase i etterforskinga, og held på å innhente informasjon og saka vil bli etterforska på same måte som ei vanleg straffesak, seier Glenn Våge ved Nordhordland lensmannskontor.

No er saka meld til politiet.

– Eg kan bekrefte at me har fått inn meldingar på slakteriet Brekke opp mot fiskerømminga som skjedde i Gulen, seier Våge.

Førre veke vart det kjent at tusenvis av laks hadde rømt frå ei av merdane til Slakteriet Brekke. Fisken stod i merden i påvente av slakting, men då det gjekk hol forsvann over 17.000 laksar.

Vekte sterke reaksjonar

Våge i politiet fortel at dei allereie har gjennomført undersøkingar på staden, seier at det dreier seg om to politimeldingar.

– Den eine er unntatt offentlegheita. Den andre kjem frå Noregs Miljøvernforbund. På noverande tidspunkt kan me ikkje gje meir opplysingar om forholdet, men det vil vidare etterforsking vise, seier han.

Hendinga har sett sinna i kok hos elvefiskarar og andre som kjempar for villaksen og det er no sett i gang eit storstila fiske i Sognefjorden etter oppdrettslaksen.

– Det er nok mange som har sørga for å få røykelaks til jul, sa dagleg leiar Knut Strømsnes til NRK i går, noko som vekte sterke reaksjonar i sosiale medium.

Arne Roger Hansen frå Noregs Miljøvernforbund bekreftar at dei har meld lakserømminga til politiet.

Fisken hadde sjukdom

Han meiner forholdet er spesielt kritikkverdig fordi delar av laksen som er på rømmen har vorte påvist sjukdommen PD, som råkar bukspyttkjertelen.

– Det er svært problematisk at dette er ein type sjukdom som oppdrettslaksen får lov å ha, utan at den vert avliva. Det som må gjerast er at oppdrettsindustrien må lukke anlegga sine, seier Hansen.

Hansen meiner at oppdrettsindustrien i årevis har forsøkt å vri seg unna ordentleg regulering, Han krev at blir ført ei strengare linje mot oppdrettsindustrien i framtida.

– Det er på tide at slike hendingar vert straffa. Dei må få seg ein skikkeleg smekk pungen, meiner Hansen.

Arne Roger Hansen

PÅ TIDE: Arne Roger Hansen frå Noregs Miljøvernforbund meiner den norske oppdrettsnæringa må verte strengare regulert av lova.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Skal fiske i 15 vassdrag

I går vart det kjent at Fiskeridirektoratet hadde gitt eit pålegg om miljøundersøking og fiske av rømt oppdrettsfisk i fjorden og i totalt 15 vassdrag i Sogn og Fjordane.

Seksjonssjef Leni Marie Lisæter fortel at dei no har overlate saka rundt rømmingane frå Slakteriet Brekke til politiet.

– Dei opplysningane me har fått har me overlate til politiet å etterforske, for me såg at saka vart av ein slik karakter at det var dei som måtte følgje han opp, seier seksjonssjef Leni Marie Lisæter i Fiskeridirektoratet.

Dagleg leiar Knut Strømnes i Slakteriet Brekke seier at dei ikkje ønskjer å kommentere politietterforskinga.

Mange i Ytre Sogn har dei siste dagane fiska mykje rømd oppdrettslaks og no kjem fiskehelsebiolog Camilla Vallestad med ei åtvaring.

– Når du skal kvitte deg med sloet i fisken, må du ikkje hive det ut i fjøra. Det er i sloet smittematerialet er, seier Vallestad til porten.no.