Hopp til innhold

– Eg skjemmast av å vere norsk

– Dei tallause konsulentane som har vurdert Stad skipstunnel har enno ikkje forstått korleis bølgjene faktisk er utanfor Stad. Det meiner den tidlegare styreleiaren av skipstunnelen som skjemmast av å vere norsk.

Jan Helgøy og skader på Hurtigruta

KRITISK: Tidlegare styreleiar for Stad Skipstunnel meiner konsulentane som har vurdert tunnelen enno ikkje har forstått korleis bølgjene er på Stad.

Foto: Trond Vestre/Ole André Rekkedal / NRK

Jan Helgøy er tidlegare styreleiar i Stad skipstunnel og no ordførar i Vanylven. Han har i årevis kjempa for å få til ein skipstunnel forbi det mykje omtala Stadhavet.

Men sjølv om det har blitt gjort 17 utgreiingar om Stad skipstunnel har ikkje dei mange konsulentane forstått korleis bølgjene rundt Stad faktisk er, hevdar Helgøy.

– Her er dei ei kunnskapsløyse når det gjeld å lytte på dei erfaringane som sjøfolk har opplevd gjennom fleire generasjonar. Stadhavet er noko heilt spesielt, seier Helgøy.

– Forstår ikkje alvoret

I år skal eitt av dei mest omstridde samferdsleprosjekt i Norge avgjerast. Skal det byggjast ein skipstunnel forbi det farlege Stadhavet eller ikkje?

I haust fekk forkjemparane for tunnelen nok eit slag i magen. Etter å ha venta i over eitt år på at den 17. utgreiinga om tunnelen skulle bli kvalitetssikra fekk dei vite at tunnelen skulle gjennom nok ei utgreiing. Det blir den 18. i rekka.

Helgøy er ein av dei som er mildt sagt oppgitt og meiner dei som vurderer tunnelen ikkje verkar forstå alvoret. Seinast i går fekk mange ei påminning på korleis Stadhavet kan oppføre seg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Materielle skader på Hurtigruta etter at skipet blei treft av store bølgjer

KAOS: Denne baren likna ikkje seg sjølv etter at Hurtigruta 'Kong Harald' i går vart treft av tre kjempebølgjer då det passerte Stad.

Foto: NRK/Ole Andre Rekkedal

– Folk fauk veggimellom

NRK-reporter Asgeir Reksnes var sjølv med på Hurtigruta Kong Harald då den runda stad tidleg torsdag morgon. Plutseleg kom det tre brottsjøar etter kvarandre som dytta skipet godt over på sida.

– Passasjerane fauk veggimellom. Bord, stolar og alt mogleg enda i ein diger vase nedst i salongen, saman med folk. Sjølv låg eg langflat på golvet og klamra seg til eit bordbein, seier Reksnes.

Han seier hendinga gjekk sterkt inn på mange av passasjerane, og at han også såg mange tilsette på skipet som vart bleike om nebbet.

– Det var umogleg å bevege seg medan dette gjekk føre seg og det var berre om å gjere og sikre seg best mogleg så ein ikkje skulle bli treft av noko, fortel Reksnes.

Ei stund frykta ein at ein av passasjerane hadde brote eit ribbein då han vart kasta over ende om bord i skipet. Til alt hell slapp den britiske passasjeren unna med skrekken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stadhavet

VÊRHARDT: Det har i fleire tiår blitt diskutert å få bygd ein skipstunnel forbi det vêrharde om mykje omtala Stadhavet.

Foto: NRK/Ole Andre Rekkedal

– Eg skjemmast av å vere norsk

Men 17 utgreiingar om skipstunnelen har altså ikkje vore nok og den 18 går føre seg enno. Denne er lovd å vere ferdig innan kort tid, før den skal til behandling i regjering og storting i løpet av året.

– Eg skjemmast faktisk av å vere norsk. Av å bu i ein sjøfartsnasjon som hevdar å vere ein av verdas beste når det gjeld slike ting. Så klarar vi altså ikkje å få til dette korte gjennomslaget som vil sikre skipsfarten, seier Helgøy oppgitt.

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg Hansen

VEIT: Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg Hansen avviser at dei ikkje veit korleis bølgjene er.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ministeren avviser kunnskapsløyse

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg Hansen på si side seier dei veit godt korleis bølgjene er utanfor Stad.

– Eg har stor forståing for at dei som var om bord hadde ei forskrekkeleg oppleving. Stadhavet er kjent som eit tøft havstykke, det veit både regjeringa og vi bur langs kysten, seier Berg Hansen til NRK.no.

– Har statsråden sjølv opplevd Stadhavet i uvêr?

– Nei, det har eg ikkje.