Leiar Ottar J. Aare skuldar Kystverket for å bruke feilaktig datagrunnlag. Rapporten baserer seg på AIS-data for dei to siste åra, skriv Bergens Tidende.
- LES OGSÅ:
- Problemet er at ein stor del av fartya som passerer Stad ikkje er utrusta med AIS. Mindre fraktebåtar, fiskebåtar, passasjerbåtar er ikkje pålagt å ha slikt utstyr, seier han til avisa.
Avviser kritikken
Aare meiner at dei mest utsette fartya dermed ikkje er del av grunnlaget i risikoanalysen. Leiaren støttar opp om røystene som skildrar den 17. rapporten på 20 år som eit bestillingsverk.
- LES OGSÅ:
Kystverket viser mellom anna til den nye verradaren som
. Kystverket avviser kritikken overfor avisa.- I utgreiinga er det kompensert for at ikkje alle båtar som passerer Stad har dette systemet, seier kystdirektør Kirsti Slotsvik.
(Artikkelen held fram under TV-innslaget)
Aktivt departement
Slotsvik avviser også at rapporten er eit bestillingsverk, slik både fiskarar og opposisjonspolitikarar hevdar. I føreordet står det mellom anna at "departementet har vore aktiv i utredningsprosessen, og lagt føringer på utredningen".
- LES OGSÅ:
- Samanlikna med sist utgreiing har departementet lagt føringar for at vi denne gongen skulle sjå mest til nasjonale nytteverdi, og mindre til regional, seier Slotsvik til BT.