NRK Meny
Normal

Skuffa forkjemparar

Forkjemparar for Stad Skipstunnel er svært skuffa over statsbudsjettet.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon
Foto: NORDWEST3D

Styreleiar i Stad Skipstunnel, Jan Helgøy, meiner formuleringa om orientering er svak og utan innhald

Stortinget kan først få lagt fram ei orientering om stad skipstunnel tidlegast i løpet av 2009.

Forventar avgjerdsle

I framlegg til Statsbudsjett kjem det fram at Fiskeri og kystdepartementet no gjennomfører ei kvalitetssikring av prosjektet som skal verte ferdig i år.

Helgøy forventar at Stortinget skal avgjere framtida til tunnelen, i denne perioden.