Hopp til innhold

Endeleg ei gladsak for Bremanger

Den kriseråka Terra-kommunen Bremanger har endeleg noko å juble for når regjeringa går inn for startløyving til andre delen av Bremanger-sambandet.

Bortnen i Bremanger

Andre delen av Bremangersambandet inneber tunnel frå Bortnen inst i fjordbotnen til Langesi på dagens riksveg mellom Svelgen og Isane. Biletet er teke frå toppen av Hornelen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Det er sjølvsagt ei veldig gledeleg melding som vi inst inne venta skulle kome i dag, seier ordførar Kåre Olav Svarstad.

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger
Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Venta lenge

- Dette betyr at vi no kan sjå starten på eit samband som vi har venta lenge på, og det er viktig for heile regionen i og med at det er ein del av den kystvegen vi har jobba for alle kommunane på kysten, seier ordføraren.

Seks år sidan første delen

Det er seks år sidan første delen av Bremanger-sambandet med fastlandssamband for Bremangerlandet vart opna med bru og undersjøisk tunnel.

Lang og kronglete omveg

Men når øybuarane skal til kommunesenteret Svelgen er det framleis snarare for mange av dei å bruke ferja mellom Smørhamn og Kjelkenes enn å køyre den lange, smale og svingete vegen frå Rugsund via Isane til Svelgen.

Langesi-Bortnen

Det som har mangla for at fastlandssambandet er komplett, er ein veg med tunnel frå Langesi nord for Svelgen via Bortnen til Kolset, der første delen av sambandet startar.

Klar i 2012?

No har turen kome til denne manglande lekken. I første omgang er de sett av pengar til prosjektering og kjøp av grunn, og det er rekna med at arbeidet tek til i 2010. Bremanger-ordføraren håpar at vegen er klar i 2012.

- Det er ikkje så lenge til det. Det viktigaste no er at veganlegget er fullfinansiert, seier Kåre Olav Svarstad.

Les og om Bremangersambandet i Fylkesleksikonet .