NRK Meny
Normal

Skredestranda opna for fri ferdsel

Klokka 18:30 kunne Statens vegvesen igjen opne vegen på Skredestranda for fri ferdsel. Vegen har vore stengd sidan sundag på grunn av jord- og snøskred.

Created by InfoDispatcher

OPNAR 19:00: Går alt etter planen skal vegen opne 19.00 måndag.

– No er det fri ferdsel igjen, etter at synfaringa viste at det ikkje er fare for nye ras, seier vaktoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Tidlegare i dag jobba Statens vegvesen med opprydding på rasstaden.

– Først må vi få berga ut dei to bilane som står midt mellom rasa. Deretter kan vi ta til med oppryddinga av sjølve raset, seier Margot Åsebø i Statens vegvesen.

Natt til søndag gjekk totalt tre jordskred på riksveg 15 på Skredestranda langs Hornindalsvatnet. To bilar sat fanga mellom skreda, men dei fire ungdommane i bilen skal ha berga seg ut. No skal arbeidet med å rydde opp starte.

Rekkverk og treverk i raset

– Det er mykje skog i massane så det er utfordrande å rydde vekk. Mykje rekkverk er rive vekk og fleire av straumlinjene til tunnelane er vekk. Så må vi sjå korleis det ser ut med stikkrenner og kummar, og kva skader vegen har fått. Det har vi enno ikkje oversikt over.

– Vi trur ikkje vegen er så mykje skada. Dette skredet er ikkje like omfattande som sist. Men sikre er vi ikkje på om det er store skader før vi har fått grave vekk massane, seier Åsebø.

Ras Skredestranda

FAST MELLOM RASA: To bilar sat fast mellom rasa.

Foto: Statens vegvesen

Ho er mest uroa for at stikkrennene som går under vegen kan vere tette.

– Viss dei er heilt tette er det utfordrande å få dei opna. Vi må få vekk vatn som dekkjer delar av vegen.

Kva tid ser ein føre seg å opne?

– Eg torer ikkje å forskottere kva tid det kan bli opning. Er vi heldige kan det skje i løpet av dagen. Men dersom det er litt meir jobb så kan det hende vi treng noko av morgondagen og. Det får vi vite utover dagen.

Flakskred lausna

Åsebø har sett gårsdagens helikopterbilete frå rasstaden, og seier det er store massar som har vore i bevegelse.

– Det er eit flakskred som har lausna veldig høgt oppe, ein kan sjå brotkanten frå vegen. Det er eit veldig stort område som har lausna. Store massar med blaut jord er dratt med raset nedover mot vegen. Det er store krefter som har vore i sving det ser ein lett.

Tilrådd omkøyring via riksveg 561 Stigedalen, fylkesveg 60 over Kvivsvegen, og fylkesveg 60 over Utvikfjellet.

Vegopning på Bergum i Førde kommune