Hopp til innhold

Sjå helikopterbileta av dei dramatiske skreda som fanga fire ungdomar

Oppryddinga etter dei store jordrasa som overraska fire ungdomar og som stengjer Rv 15 / E39 ved Skredestranda langs Hornindalsvatnet kan starte måndag morgon.

Ras Skredestrand

DRAMATISK NATT: Fire ungdomar vart fanga i bilen mellom dei to første av i alt tre skred med store jordmassar.

Foto: Statens vegvesen

– Helikopteret har flydd over rasområdet, og vurdert at det ikkje er stor fare for fleire ras. Oppryddinga startar i morgon tidleg, seier Margot Åsebø i Statens vegvesen.

Vegvesenet anbefaler at folk nyttar riksveg 561 Stigedalen og fylkesveg 60 Stryn/Utvikfjellet for omkøyring. Ifølgje Åsebø er det i alt tre jordskred, som vart meld klokka 03.20 i natt.

Ras Skredestrand

STORE RAS: Eit stort snøflak som lausna langt oppe i fjellsida førte til tre ulike rasløp som feia store jordmassar over vegen og ut i Hornindalsvatnet.

Foto: Statens vegvesen

Køyrde over raset

Skredestranda er eit område som også tidlegare har blitt råka av store jordskred, mellom anna i november 2013. Som den gongen, starta raset natt til søndag høgt opp i fjellsida på rundt 1000 moh. Ikkje på same staden, men like vest for det rasløpet.

– Eit stort snøflak lausna og drog med seg mykje jordmasse i tre ulike rasløp, seier Åsebø.

For to involverte bilar vart det svært dramatisk, og den eine vart fanga inne mellom rasa.

– Midt mellom rasa står ein bil forlaten og har gjørme opp etter sidene, fortalde NRK sin reporter Silje Guddal, som var på rasstaden tidleg søndag.

Ein av dei involverte, Vedran Katana (21), seier at dei køyrde rett over eit av rasa, og at det rasa medan dei sat mellom jordmassane på begge sider.

– Eg bråbremsa då vi køyrde over raset. Heldigvis kom vi til eit lite ras først. Viss ikkje hadde vi kanskje køyrd rett inn i det store, seier Katana, som hadde tre andre ungdomar med seg i bilen, til BT.

Ras Skredestrand

SKRED VED SKREDESTRAND: Ikkje eit, men tre ulike skred, og ungdomane i midten var svært heldige.

Foto: Statens vegvesen

Vegen sannsynlegvis intakt

Åsebø i vegvesenet fortel at eigarane av dei to bilane får tilgang til køyretøya så snart oppryddinga har gjort det mogleg å få dei ut.

Det ser ut til at sjølve vegen har kome frå det utan større skader.

– Stikkrenner og kummar er fulle og det er mykje vatn, men det blir ein del av oppryddingsjobben. Rekkverket er vekke, men vi kan ikkje sjå at vegen er skada utanom det, seier Åsebø.

Målet er å opne vegen i morgon, men vegvesenet opplyser at det blir avgjort når dei får vurdert tilstanden på vegen etter oppryddinga.

To bilar nær ved å bli tekne av rasa som gjekk på Skredestranda natt til søndag.

FANGA: Ein bil fanga mellom rasa. Foto: Silje Guddal.

Skredestranda