Hopp til innhold

Skot mot to hus i nabolag i Høyanger

To naboar har kulehol i vindauga etter at nokon har skote med våpen mot husa.

Kulehol i ruta Høyanger

KULEHOL: Dette kuleholet møtte Marit Ann Sæterlid Skår etter at ho høyrde smell i vindauget før helga.

Foto: Marit Ann Sæterlid Skår

– Det er heilt grufullt, seier Britt Stølen, ein av dei som har fått vindauget knust.

Stølen var ikkje heime då det skjedde, men fann tre kulehol i vindauget sitt. Det synest ho var ekkelt.

Kulehol i ruta i Høyanger

KULA: Marit Ann Sæterlid Skår fann etter litt leiting kula som var skoten mot vindauget hennar.

Foto: Marit Ann Sæterlid Skår

– Det er ekkelt å tenkje på at nokon går rundt og skyt med eit våpen. No var det ruta, men kven råkar dei neste gong, spør ho.

150 meter lenger ned i gata bur Marit Ann Sæterlid Skår. Ho var heime då ruta hennar vart skoten fredag før julaftan, og seier det var ei uhyggeleg oppleving.

– Det kom først eitt skot i vindauget, som var høgt og intenst. Eg trudde heile ruta sprakk. Så kom det eit skot til, men det veit vi ikkje kor hamna, fortel ho.

Britt stølen

EIN SJANSE: Britt Stølen, som fekk tre kulehol i eine vindauget sitt, gir den, eller dei, skuldige ein sjanse til å melde seg. Det eine kuleholet er ringa inn med raudt.

Foto: Privat

Skår har meldt hendinga til politiet i Balestrand. Det kjem også Stølen til å gjere.

– Eg har fått mykje respons etter at eg la de ut på Facebook, men det er ingen som har meldt seg. Eg ville gje dei ein sjanse, men over nyttår kjem eg til å melde det til politiet, eg også.

Pistolkopi

Politiet mistenkjer at den eller dei som har utløyst skota gjekk på ein gangsti bak husa. Sidan Stølen publiserte hendinga på Facebook har politiet fått konkrete tips som dei no sjekkar ut.

Tenestestadleiar for politiet, Kåre Jan Hofrenning, er førebels usikker på om det er nytta ein soft gun eller eit luftvåpen. Han ser alvorleg på hendinga.

– Men dette går på folks tryggleik. Her set folk i sin eigen heim, der ein skal kunne kjenne seg trygg. Så smeller det i vindauget og du ser kulehol i ytste laget. Det er ei uhyggeleg oppleving, seier han.

– Skadepotensialet er betydeleg, alt etter kvar du blir treft. Dette er uansett ikkje noko ein skal leike seg med, legg han til.

Politiet følgjer no opp tipsa dei har fått.

Kulehol i ruta Høyanger

BAK JULETREET: Britt Stølen fann tre kulehol i vindauget bak juletreet.

Foto: Britt Stølen