NRK Meny
Normal

Skipsverftet i Hyllestad kuttar kraftig

Fleire tilsette har mista jobben og til saman 60 årsverk vert kutta ved Havyard Skip Technology i Leirvik.

Havyard Leirvik

NEDBEMANNING: Låg aktivitet i oljenæringa er blant årsakene til at Havyard Ship Technology må kutte, også her på anlegget i Leirvik.

Foto: Ottar Starheim

Oppseiingane råkar både leiing, administrasjon og produksjonen ved skipsverftet. Lokalsamfunna både i Hyllestad og Høyanger vert hardt råka.

– Det påverkar dei i veldig stor grad. Det er veldig mykje folk som har hatt arbeidet sitt her kanskje frå dei gjekk ut frå skulen, seier klubbleiar i Forbundet for leiing og teknikk, Johnny Sande.

Nedgang i oljenæringa råkar dei

Han og kollegaene har vore gjennom ei vanskeleg tid. Det blir stilt ved skipsverftet i Leirvik framover. Ved årsskifte vil dei vere 60 årsverk færre enn ved inngangen til året.

– Eg synest det er veldig tungt. I alle fall når du skal sitje og forsvare kollegaer som du kjenner veldig godt. Du blir jo glad i folk etter kvart, seier han.

Låg aktivitet innan olje- og offshorenæringa, samt effektivisering av drifta er årsaka til dei kraftige kutta.

– Det vil stort sett råke alle ledd i organisasjonen, frå leiing og mellomleiing og ned i produksjonen, seier Direktør for marknad og forretningsutvikling, Gunnar Larsen.

Konsekvensar også for kommunen

Ifølgje han er oppseiingane gjennomførte for dei fleste, men at ein ikkje vil sjå full effekt av kutta før utgangen av året, grunna oppseiingstid.

Morten Askvik

VIL HJELPE DEI RÅKA: Ordførar i Hyllestad, Morten Askvik.

Foto: Rune Fossum / NRK

Klubbleiar Sande meiner leiinga har takla situasjonen på ein ryddig måte opp mot tillitsvalde og fagforeininga.

– Det har eigentleg gått i veldig ordentlege former, stort sett. Vi gir jo beskjed når det er ting som vi ikkje er heilt samde i, seier han.

Nyvald ordførar Morten Askvik (Sp) må takle dårleg nytt om lag på første arbeidsdag.

– Frå kommunen si side må ein på kort sikte vente at dette vil bety mindre skatteinngang og moglegheiter for fråflytting. Når det er sagt så er konsekvensane endå verre for dei det gjeld, og det er dei vi må tenke på. Vi må prøve å gjere det vi kan for å hjelpe dei, seier Askvik.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.