Hopp til innhold

Skiltar «Noregs neste verste veg»

Den svingete einfeltsvegen med dårleg sikt, kraftige telehiv og rasfare kom på andreplass i kåringa «Noregs verste veg». I dag får dei sitt synlege prov.

Møtande bilar på fv.615 mellom Storebru og Hyen

SMAL OG UOVERSIKTELEG: Denne vegen vart kåra til Noregs nest verste veg. No får den nye skilt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Strekninga Hyen - Storebru vart kåra til «Noregs nest verste veg». Forkjemparane for utbetring av vegen feirar dette med nye skilt. Vegaksjonist og styreleiar i Midtvegen615, Olav Klungre, trur skilta vil vere god drahjelp i det vidare arbeidet med å få rusta opp fylkesvegen.

Skal bruke skiltet for det det er verdt

Olav Klungre

VIL KJEMPE VIDARE: Styreleiar i Midtvegen615, Olav Klungre, meiner skilta vil gje ekstra motivasjon for å jobbe vidare for utbetring av vegen.

Foto: Privat

Skilta vil gje merksemd, men merksemd er ikkje nok, hevdar Klungre.

– Vi må kjempe vidare, halde trykket oppe.

På komande styremøte skal dei leggje strategien for å utnytte posisjonen.

Ordførarane i Gloppen og Flora skal stå for avdukinga av skiltet som i første omgang vert sett opp i Hyen sentrum.

Planen er å flytte det.

– Vi har spurt Statens Vegvesen om å få setje det opp på ein trafikksikker plass langs vegen, og vi ventar på svar, seier Klungre.

Eit sterkt og tydeleg engasjement

Avdukinga skal skje i kjølvatnet av eit ope møte om vegen. Leiar i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane, Noralv Distad (H), deltek på møtet, men avdukinga av skiltet vil han ikkje vere med på.

– Dette er ei kåring fylkeskommunen ikkje har vore involvert i. Vi må forholde oss til dei prioriteringane som ligg føre.

Men at slik kåringar har noko føre seg, er han ikkje i tvil om.

– Ei slik kåring understrekar eit sterkt og tydeleg engasjement for vegane i fylket, og at vegstandarden må betrast.

Skiltet med Noregs nest verste veg skal avdukast

KLART FOR AVDUKING: Måndag kveld skal "Noregs nest verste veg" skiltast

Foto: Olav Klungre / Privat

Vann andreplassen

– «Vinnarvegen» Bergen - Voss har mange dødsulukker. Det er det verste, så det var heilt rett at den gjekk til topps i kåringa "Noregs verste veg".

Olav Klungre er særs nøgd med at den ujamne, smale vegen kom på andreplass. Etter tolv år målretta arbeid gir denne andreplassen ekstra trykk på gassen og meir sjølvtillit ovanfor styresmaktene.

– No kan vi gå på med friskt pågangsmot og større frimod!

Stå samla og ikkje mist motet

Etter ni år kunne ordførar i Stryn, Sven Flo, i mars ta ned skiltet "Noregs verste veg".

Sven Flo, Jenny Følling og Dina Lefdal under vegopninga ved Vanbergtunnelen

SKILTET NEDE: I mars kunne ordførar i Stryn, Sven Flo, endeleg ta ned skiltet som hadde fortalt omverda at Olden - Innvik var Noregs verste veg

– Då Olden - Innvik vart kåra til Noregs verste veg, greip vegentusiastane sjansen og krydra det vanskelege med litt humor, og brukte «attraksjonen» for det det var verdt. Eit slikt skilt vert lagt merke til og hugsa. Då er det lettare å få fram bodskapen.

At dei kunne skilte med tittelen «Noregs verste veg» gav tyngd i møte med styresmaktene, og noko å samlast om i synleggjering av problemstillinga. At dei får opp eit skilt i Hyen meiner Flo er eit godt stunt. Han har to råd til dei som no har "Noregs nest verste veg":

– Stå samla og ikkje mist motet!