NRK Meny
Normal

Skal lage sildeopera

Av alle ting er Opera Nordfjord no i gang med å skape ein sildeopera. Bak tonar og ord skal det stå ein stryning og ein kar frå Lærdal. Sildeoperaen skal settast opp i 2017.

Kari Standal Pavelich og Helge Sunde

SJALUSI, INTRIGAR OG DRAMATIKK: Operasjef Kari Standal Pavelich og Helge Sunde skal sette opp sildeopera.

Foto: Montasje: Erlend Blaalid Oldeide/Bård Skar / NRK

Ideen til sildeoperaen dukka opp i eit middagsselskap for fleire års sidan

– I denne middagen var det ein kar frå sørlandet som meinte vi burde skrive ein opera om sildefisket på 1950-talet, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Til å byrje med sa dei ja, og ha til ideen, men sørlending gav seg ikkje og tok kontakt igjen nokre veker etter den omtalte middagen.

– Då tok vi det opp i styret, og dei tykte det var ein god ide, og her er vi i dag.

Viktig historie

Sildefiske har vore viktig for Sogn og Fjordane, men derifrå til å verte materiale for ein opera vil mange tenke er eit langt steg.

– Det høyrest kanskje rart ut å lege opera om sildefiske, vedgår operasjefen, men peikar samstundes på at all opera er skrive om aktuelle tema i samfunnet.

Sildefisket på 1950 talet var ein viktig samfunnsbyggar. Måløy var sildebyen og initiativtakarane til sildeoperaen har vore i kontakt med lokalhistorikar Terje Sølvberg.

– Han har gitt oss mykje god lokalhistorie som vi skal bygge operaen på, seier Standal Pavelich.

Sjalusi, intrigar og dramatikk

Jostein Avdem Fretland frå Lærdal skal skrive teksten til operaen, eller librettoen som det heiter. Standal Pavelich lovar at det blir mykje dramatikk.

– Eg veit ikkje om det blir død og fordervelse, men det blir både triste ting, men òg mykje morosamt. Vi må skape ei dramatisk historie som dei som levde på den tida kan kjenne seg at i, seier Standal Pavelich.

Stryning skriv librettoen

Den musikalske delen av operaen skal komponisten Helge Sunde frå Stryn stå for.

– Eg er fødd 100 meter frå eit operahus i Nordfjord så klart eg måtte slå til på ein slik sjanse, seier Sunde.

Han har skrive musikalar, men aldri opera sjølv om han gjerne skulle ha vore delaktig i fotballoperaen , som opera Nordfjord sette opp for nokre år sidan.

– Eg var litt lei meg for det, særleg med tanke på at eg er frå Stryn og var den som fann opp Flo-pasningen ved eit uhell ein gong det blåste medvind, ler Sunde.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen