Operaen som forandra bygda

Over 400 kilometer frå Operahuset i Oslo har ein opera i tettstaden Nordfjordeid vakse seg til å bli ein stor kulturinstitusjon.

I år feirer Opera Nordfjord 25 år.

På scena står lokale skodespelarar i det ferske stykket «Soga om Sol».

Blant dei som vitja framsyninga var Hennar majestet dronning Sonja.

Dronninga var også til stades då det nye operahuset stod klart i 2009.

Men også her måtte dei byrja i det små.

I aulaen på den lokale folkehøgskulen starta operaen med framsyningar som «Flaggermusen» i 1998.

Bygdefolket kan takke ekteparet Pavelich for at det vaks fram eit stort operamiljø i bygda.

Kari Standal Pavelich er operasjef.

Ektemannen Michael Pavelich er kunstnerisk leiar.

Dei har skapt eit stort operamiljø saman med lokale krefter.

På dugnad syr Laila Utnes Piel kostyma.

Frisørlærlingane ved Eid vidaregåande står for sminke og styling.

«Dette aukar livskvaliteten ved å bu her. Før måtte vi reise til Oslo og Bergen for å oppleve opera. »

Kari Laila Skrede

Og i bygda håpar dei å ringe inn til 25 nye år i Opera Nordfjord.

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal