Hopp til innhold

Verdspremiere på fotballopera

Tysdag kveld hadde operaframsynginga av den uforgløymelege fotballkampen mellom Norge og Brasil i 1998 endeleg premiere på Opera Nordfjord.

Etter mange timars øving var det i kveld endeleg publikum sin tur til å få sjå Kjetil Rekdal skåre på straffe då Norge møtte Brasil under VM for 12 år sidan. Og det på operascena.

Spent tekstforfattar før premieren

Bak stykket «Norge Brasil, ein opera» står ein av Noregs mest kjende forfattarar og moromann, Are Kalvø.

- Dette er jo nytt på alle måtar, så eg er alltid spent, sa Kalvø til NRK før premieren tysdag kveld.

Sjå generalprøva til fotballoperaen «Norge, Brasil - Ein opera».

Video Historisk fotballkamp på ny arena

- Følelsesmessig kamp på alle måtar

Med på sin aller første opera har Kalvø fått komponist Helge Førde. For Kalvø er det ei heilt spesiell oppleving publikum no skal få sjå i form av ein opera.

- Landskampen Norge-Brasil i 1998 er det største eg har opplevd i heile mitt liv. I løpet av dei to timane følte eg alle følelsane det går an, fortel Kalvø.

Hovudpersonen sjølv, Kjetil Rekdal, har tidlegare vedgått at fotballopera er noko spesielt.

- Det er jo litt spesielt, men morosamt også, seier Rekdal.

For både musikarar, solistar, dansarar og andre medverkande står det mykje terping bak det publikum i kveld fekk sjå.

- Stykket inneheld mykje moro tekst, og eg kan ikkje seie anna enn at det er kjempemoro, seier solist Carsten Stabell.

Opera i leggskinn

Og det er mykje moro folk får sjå på scena i stykket. I tillegg til opera er det mykje av både akrobatikk og spenstige dansetrinn i fotballdrakter og leggskin.

- Det er vår oppgåve å skape opera for alle og for einkvar smak, seier operasjef på Opera Nordfjord, Kari Standal Pavelich.

Og håpet er at den spreke og litt annleis operaførestillinga vil lokke nye folk til operasalen.

- Med dette stykket får vi eit nytt publikum, og så håpar vi at dei kjem tilbake ved seinare høve for å sjå dei store klassikarane, fortset Pavelich.

Lokkar tårene fram hos Kalvø

I stykket får folk blant anna høyre korleis Kjetil Rekdal sin karakter syng om kor nervøs han er framfor straffesparket som for mange fotballfans vert huska som eit av tidenes aller viktigaste.

Video Are Kalvø fra Nytt på Nytt

For tekstforfattar Arv Kalvø er kampen mellom Norge og Brasil heilt spesiell.

Foto: Nyhetsspiller

For forfattar Are Kalvø vart dagen i dag ekstra spesiell.

- Det er så sterkt å gjenoppleve denne kampen. Uansett form, måte og plass. For enkelte av oss betyr dette alltid at tårene kjem seier ein stolt Kalvø til NRK før premieren.