Hopp til innhold

Tre menn sikta og fengsla for gjengvaldtekt i Sogn

Tre menn er sikta og fengsla i det politiet etterforskar som ei alvorleg valdtektssak. Gjengvaldtekta skal ha skjedd i eit privathus i Sogn i februar i år.

Sissel Kleiven

POLITIADVOKAT: Sissel Kleiven har straffesaksansvar for saka der tre menn no er sikta for gjengvaldtekt. Her frå tingretten måndag, der ho er aktor i ei anna sak.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Saka blei meld til politiet i starten av april 2018 og meldinga gjekk på at fleire menn skal ha valdteke ei kvinne. Politiet starta då etterforsking og tysdag 5. juni arresterte dei tre menn, som no er sikta i saka.

– Dei sikta er av utanlandsk opphav med opphald i Norge. Dei sikta er no varetektsfengsla med brev- og besøksforbod i fire veker, fortel Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Dei vil ikkje kommentere saka ytterlegare no av omsyn til den omfattande etterforskinga.

Kvinna som skal ha blitt valdteken er norsk og heimehøyrande i ein annan del av Norge enn i Sogn der ugjerninga skal ha funne stad.

Samtykka til fengsling

Dei tre mennene blei alle framstilt for varetektsfengsling sist torsdag og ein av mennene har samtykka til fengsling. I følgje Bergens Tidende er dei tre sikta menn i 30-åra.

– Min klient har forklart seg for politiet og har samtykka til fire veker fengsling, seier advokat Anette Stegegjerdet Norberg til NRK.

Ho legg vekt på at hennar klient samarbeidar med politiet.

Stig Nybø er forsvarar for ein av dei andre mennene.

– Han sa seg uskuldig i retten på torsdag, seier Nybø.

Har lagt lok på saka

Louis Anda er advokat for den tredje mannen. Han har førebels ikkje hatt høve til å kommentere saka.

Politiet etterforskar saka for fullt og har lagt eit tett lok over arbeidet som er i gang. Dei har og fått medhald i at fengslingsavgjerdene i tingretten skal vere unnatek offentleg innsyn.

Politiadvokat Sissel Kleiven er straffesaksansvarleg for saka, men ho ønskjer førebels ikkje å seie noko av omsyn til etterforskinga.

Robert Fonn er bistandsadvokat for kvinna i saka og kan på noverande tidspunkt seie lite om saka.

– Det eg kan seie er at både eg og min klient er veldig imponert over det arbeidet politiet har gjort med etterforskinga og den prioriteringa saka har fått, seier Fonn.