Har funne område som må forbetrast etter at pasient døydde

FØRDE (NRK): Det er funne område ved Førde sentralsjukehus som skal forbetrast. Det er konklusjonen i hendingsanalysen som er gjort etter at ein mann i 60-åra døydde av skadane han fekk etter å ha trilla ned ei trapp med rullestol.

Kristine Brix Longfellow

PÅ ALVOR: - Vi tek denne saka på største alvor, seier fungerande fagdirektør i Helse Førde, Kristine Brix Longfellow.

Foto: Per Marifjæren / Helse Førde

– Vi tek saka svært alvorleg, og har hatt fleire møter med pårørande. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som har utført ein grundig hendingsanalyse, og denne rapporten har eg nett fått i hende. Her har vi funne område som skal betrast, og dette vil bli teke vidare, seier fungerande fagdirektør i Helse Førde, Kristine Brix Longfellow.

Det var i januar at ein pasient i 60-åra døydde av skadane etter at han trilla gjennom ei rømningsdør og utfor ei trapp med rullestol. Pasienten skulle truleg ned til hovudinngangen for å røykje då han trilla feil gjennom ei opa dør til rømmingsvegen frå etasjen. Mannen fall utfor trappa og døydde to dagar seinare av skadane.

Sender snart dokumentasjon til Fylkeslegen

Politiet starta kort tid etter etterforsking i saka som undersøkelsessak, og Fylkeslegen opna også tilsynssak for å sjå om pasienten hadde nok tilsyn då ulykka skjedde.

– Vi har ei frist på oss for å sende frå oss dokumentasjon, og no er vi snart ferdige med handsaminga, seier Longfellow.

Fylkeslegen Per Stensland stadfestar at dei ventar på informasjon.

– Vår vanlege sakshandsamingstid er fem månadar, og vi håpar å klare oss innanfor dette, seier Stensland.

Han understrekar at dette er ei svært krevjande sak å jobbe med, og at det ikkje er ofte Fylkeslegen har denne type saker.

– Alle saker som både er politisaker og helsesaker vil stille spesielle krav til saksførebuingane, og vil difor vere meir kompliserte, seier Stensland.

Politiet har sendt saka til jurist

Politiet er nettopp ferdige med si etterforsking av saka, og har sendt ho over til jurist.

– Juristen kjem til å sende saka vidare til Fylkeslegen og Helsetilsynet, slik at dei kan komme med ein uttale i saka, og eventuelt be om påtale i saka, seier etterforskingsleiar i

Stine Mari Vårdal

ER FERDIGE: Etterforskingsleiar ved Vest politidistrikt, Stine Mari Vårdal, stadfestar at politiet er ferdige med etterforskinga og har sendt saka over til jurist.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

politiet, Stine Mari Vårdal.

– Vil det komme ein påtale frå politiet?

– Det er det for tidleg å seie noko om. Det er ei vurdering vi må ta etter at Helsetilsynet har uttalt seg om saka, seier Vårdal.

Politiet har gjennomført 13 avhøyr i saka, i tillegg til at det er henta inn ei omfattande mengd informasjon.

– Kor vanleg er det at politiet etterforskar denne type saker?

– Når det skjer uventa dødsfall, så skal politiet ha melding om det. Og vi skal opne undersøkelsessak for å finne ut om det har skjedd noko straffbart, eller om det er nokon som kan klandrast for det som har skjedd, seier Vårdal.