Hopp til innhold

Skal finne ut om pasient hadde nok tilsyn før han køyrde utfor med rullestol og døydde

Fylkeslegen skal no granske om sjukehuset hadde nok tilsyn med pasienten som døydde etter å ha trilla utfor ei trapp med rullestol.

Assisterande fylkeslege Jacob Andersen

VURDERER: Fungerande fylkeslege, Jacob Andersen, seier dei vil vurdere om pasienten fekk uforsvarleg helsehjelp under innlegginga ved Førde sentralsjukehus. – Vi veit per no ikkje om det er tilfelle, men det er det vi må undersøke, seier han.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Fungerande fylkeslege Jacob Andersen stadfestar at dei i dag sender brevet som varslar Helse Førde om tilsynssak etter hendinga for to veker sidan.

Det vekte stor merksemd då det kom fram at ein pasient i 60-åra døydde etter å ha trilla gjennom ei rømmingsdør og fall ned ei trapp.

– Vi må undersøke om pasienten under innlegging fekk forsvarleg helsehjelp, eller om han var så svekka at han skulle hatt meir tilsyn, seier Andersen.

Trengde rullestol

Det har til no ikkje lukkast NRK å få kommentar frå fungerande fagdirektør i Helse Førde, Kristine Brix Longfellow. Mannen var dårleg til beins og sat i rullestol.

Då NRK omtala saka i førre veke presiserte Longfellow at mannen vart vurdert som skikka til å ferdast utan tilsyn. Han var utan tilsyn då ulukka skjedde.

– Vi har gått gjennom saka heilt opp til administrerande direktør, snakka med tilsette om hendinga og vi følgjer opp pårørande. Dette er tungt for alle involverte, sa ho.

Førde sentralsjukehus om natta

VAR PASIENT HER: Pasienten som køyrde utfor med rullestol og døydde var pasient på Førde sentralsjukehus.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Hentar inn uttaler

Etter ulukka har føretaket hengt opp skilt om at dørene til ei kvar tid skal vere stengd, men ikkje låst.

Andersen seier han på noverande tidspunkt er kjend med saka gjennom media og saksdokument han har fått frå Statens helsetilsyn.

– Vi går breitt ut og vil hente inn kopiar av pasientjournal og relevante rutinar og prosedyrar, samt uttalar frå overordna ansvarleg lege, sjukepleiar og føretaksleiing, seier han.

Hentar politidokument

– I tillegg vil vi hente inn kopi av politiet sine saksdokument som ledd i vår tilsynssak. Dei har meir mynde enn oss til å avhøyre personal og pasientar som har vore vitne, legg han til.

Konkluderer fylkeslegen med at pasienten fekk uforsvarleg helsehjelp, vurderer dei om saka er så alvorleg at den skal sendast Statens helsetilsyn.

Det er berre dei som kan gi administrative reaksjonar og som eventuelt kan melde ei sak til politiet.

Helse Førde får tre veker på seg til å svare fylkeslegen. Det er uvisst når tilsynsvurderinga er klar.