Hopp til innhold

Storstilt satsing på einerom: – Her blir eg frisk raskare

FØRDE (NRK): Då Karl Frederick Shanks vart flytta frå fleirmannsrom til einerom kjende han seg straks betre. Det går mot tidenes satsing på einerom i sjukehus-Noreg.

Karl Frederick Shanks får hjelp av sjukepleiar Anne Mari Indrebø på eit enkeltrom på Helse Førde.

GLAD FOR EINEROM: Karl Frederick Shanks har lungebetennelse og seier det var ei stor lette å få eit einerom. Sjukepleiar Anne Mari Indrebø seier mange pasientar ved Helse Førde spør om å få ligge på einerom.

Foto: Ahmad Dean

– Det var ei stor lette å kome hit. Mykje stillare og rolegare. Her kan eg slappe av, seier Karl Frederick Shanks som vart lagt inn på Førde sentralsjukehus med lungebetennelse. Først på fleirmannsrom, før han vart plassert på einerom.

Helse Førde er berre eit av fleire helseføretak som dei neste åra skal investere milliardar i ombygging og nybygg.

Eksteriørbilde av Helse Førde

GAMAL BYGNING: Hovudblokka ved Førde sentralsjukehus er frå 1979. Planen er at alle fleirmannsromma etter kvart skal bli einerom.

Foto: Ahmad Dean

Det slitne bygget frå 1979 skal moderniserast. Det siste året har sjukehuset bygd opp eit pasientrom. Ein modell, som har vekt interesse blant andre helseføretak. Einerommet blir den nye malen når blokka skal byggast om i 2024.

– Den største fordelen er at vi får tilby kvar pasient meir individuell behandling. Vi sikrar teieplikt på ein langt betre måte. Vi kan også skjerme pasientar som er urolege. I tillegg har vi ein vekst av multiresistente bakteriar som gjer at behovet for einerom er aukande, seier seksjonsleiar Randi Hove på medisinsk sengepost.

Større plass

I einerommet er det fleire godt synlege endringar. Ei stor skyvedør til badet gjer det lettare å kome til og frå. Avstanden mellom toalett, vask og handtak har blitt betre, som gjer at det er lettare for pleiarar å hjelpe til.

På sengerommet er lyset heilt annleis enn på fleirmannsrommet og lufta er betre. Ei ekstra seng for pårørande er montert inn i veggen og kan lett leggast ned.

sd

BETRE PLASS: Løysingane er lagt opp slik at pasientane får betre plass enn om dei ligg på eit fleirmannsrom.

– Pasientane spør ofte om å få kome på einerom, og spørsmålet dukkar ofte opp allereie i akuttmottaket. Det er ei hard prioritering for personalet å vurdere kven som skal få tilgang til dei få eineromma vi har tilgjengeleg, seier Hove.

Fleire byggeprosjekt

Sykehusbygg har investeringsplanar på rundt 10 milliardar kroner årleg og skriv at dei no alltid anbefaler einsengsrom framfor fleirsengsrom.

Dei neste åra er det store byggeprosjekt på gong i sjukehus-Noreg, som krev investeringar på fleire titals milliardar.

  • Nye Stavanger universitetssjukehus.
  • Nytt klinikkbygg Radiumhospitalet med protonsenter.
  • Aker og Gaustad
  • Nye Drammen sjukehus
  • Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
  • Nytt sjukehus på Helgeland

– Vi gir ikkje pålegg om at helseføretaka skal gjere akkurat som vi seier, men vi anbefaler sterkt at dei vurderer varige einerom, seier statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H).

barnekreft

STERK ANBEFALING: Statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H) seier bygging av einerom er den klare trenden både i Noreg og resten av verda.

Foto: nrk

Ho seier dette er den klare trenden både i Noreg og resten av verda.

– Det er viktig når pasientar ligg på sjukehus at dei får ligge i fred og at dei kan ha sine pårørande rundt seg. Og full merksemd frå personalet.

Åtvarar

Det siste året har det kome åtvaringar mot at gigantinvesteringane kan gå utover pasienttryggleiken. Norsk Sykepleierforbund er i utgangspunktet positiv til einerom, men fryktar at satsinga vil føre til større belastning på dei tilsette.

Oddgeir Lunde

ÅTVARAR: – Ei storstilt ombygging til einerom ved norske sjukehus vil krevje auka bemanning, seier fylkesleiar Oddgeir Lunde sjukepleiarforbundet i Sogn og Fjordane.

Foto: Norsk Sjukepleiarforbund

– Det er viktig at ein allereie no tek høgde for å auke bemanninga. På eit fleirmannsrom kan ein sjukepleiar ha oversikt over fire pasientar. Dersom du spreier dei til fire enkeltrom så greier ikkje den eine sjukepleiaren å vere på fire rom samstundes. Det kan skape utfordringar når det oppstår akutte situasjonar, seier fylkesleiar Oddgeir Lunde i sjukepleiarforbundet i Sogn og Fjordane.