Sjarken gjekk på grunn i går kveld, men fyrst no har ein fått båten laus, seier Steinar Dimmen som er skipper ombord på redningsskøyta.
- Vi har drege båten av skjeret, og no skal vi dykke for å sjå om det er skade på båten. Men båten tek ikkje inn vatn, det har vi sjekka, seier Dimmen.
Stod godt fast
Redningsleiar Eirik Valle ved Hovudredningssentralen seier at dei fekk inn melding i 22-tida i går kveld.
- Vi fekk etter kvart assistanse, men det viste seg at båten stod godt fast, seier Valle.
Ombord i sjarken var det to personar som sjølve varsla om grunnstøytinga.