NRK Meny
Normal

Sjå opptaket frå CountryLutt på Breim

BREIM (NRK): Med ein fjording for handa vart det ein sporty introduksjon til årets CountryLutt-konsert frå Breim. Her fekk publikum ein time med både erfarne og ferskare lokale artistar.

CountryLutt på Breim.

VARIERT KONSERT: Publikum fekk oppleve både ferske og meir etablerte artistar, samt eit popband i country-drakt for anledninga.

– Det er artig å gå på scena når ein får ein så utruleg stilig introduksjon, smilte det unge talentet Tiffany Roxanne Huston frå Vågsøy, idet ho vart introdusert frå hesteryggen av programleiar Stian Sjursen Takle.

Stian Sjursen Takle og Tiffany Roxanne Huston

INTRODUSERTE: Programleiar Stian Sjursen Takle og Tiffany Roxanne Huston frå Vågsøy som var første artist ut.

Foto: Runar Sandnes

For andre året på rad arrangerte NRK Sogn og Fjordane sin Luttredaksjon NRK CountryLutt frå countryfestivalen på Breim. Dette er ein av tre Luttkonsertar denne sommaren.

– Sjølv om det var mest hesten som bestemte kor vi skulle, synest eg hesteryggen var ein passande plass å opne ei sending full av countrytonar, seier Sjursen Takle, som er svært nøgd med konserten.

Sjå biletgalleri frå konserten nedst i artikkelen

Eit lite eventyr

– Det vart ein flott og variert konsert der eg lét meg imponere både av unge talent og erfarne musikarar. For ein som elskar å vise fram musikarar frå fylket vart NRK CountryLutt i år eit lite eventyr.

Huston var ikkje det einaste unge talentet på scena, også Gunn Marit Kvåle frå Sogndal framførte ein eigen låt. I tillegg fekk publikum servert svingande tonar frå dei meir etablerte lokale artistane Sigrid Moldestad og Steinar Engelbrektson.

Frå pop til country

Til og med bandet Pony The Pirate, som frå før er kjende for sin fengande popmusikk, prøvde seg på countrysjangeren – for aller første gong.

– Eg var jo spent på korleis eit band i ein heilt annan sjanger skulle låte som countryband. Det synst eg dei klarte flott. Walk The Shame var ein av dei mest spelte då bandet i 2010 vart årets urørt på NRKP3, no hausta dei god applaus for sin vrining mot country. Det at ei låt fungerer i fleire sjangerer tyder på styrke i låten. Eg trur vi må gjere meir av slike forsøk, smiler ein entusiastisk programleiar.

CountryLutt på Breim