Hopp til innhold

– Vi blir livlegare når cowboyhatten kjem på

BREIM (NRK): Deltakarane på countryfestivalen har innteke Fjordhestgarden på Reed i campingvogner, trailerar, bussar og telt. Dei er klare for ei helg fylt med musikk, stemning, boots og cowboyhattar.

Jenter på Norsk Country Treff

JAKTA DEN GODE STEMNINGA: Martine Hausåker, Tove Røysum og Beate Røysom er mest opptekne av den gode stemninga ein finn på countryfestivalar.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

I ei lita campingvogn på den nedre campingplassen held Martine Hausåker, Beate Røysum og Tove Røysum til. Dei har nett opna auga og har ikkje eingong kome seg ut av senga når NRK kjem på besøk.

– Den siste av oss kom vel inn i vogna rundt halv fem i dag tidleg, så vi har jo fått nokre timar med søvn, fortel Tove Røysum.

Høge helar må vike for hatt og varme kle

Ingen høge hela

INGEN HØGE HELAR: Dei tre jentene meiner høge helar ikkje høyre heime på festivalar.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Både på øvre og nedre campingplass er det fleire campingvogner og partytelt med bord, stolar, høgtalarar og eigne kjøleskap. Mange av dei har pynta vognene med blinkande lys og flagg som røyrer seg i den iskalde nordavinden.

Denne morgonen viser temperaturmålaren 8 grader, og dei tre jentene seier dei har med seg mykje kle.

– Det er ingen høge hælar i kofferten, dei har måtte vike plass for flate sko, varme jakker, og sjølvsagt cowboyhatten, fortel Beate Røysum.

På spørsmål om kva jentene gler seg mest til i løpet av helga, kjem svaret kjapt.

– Det er Vassendgutane, så då skal vi stå på fremste rad. Vi kan jo alle tekstane, seier dei om lag i kor.

– Eg gler meg litt til Kurt Nilsen også eg då, seier Hausåker.

Sikrar seg kald drikke

KALD PROVIANT OG HØG MUSIKK: Jentene kom torsdag ettermiddag og rigga seg til med både kjøleskap og høgtalarar rett utanfor campingvogna.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Kostar å vere cowboy

Førre helg var jentene på countryfestival på Vinstra, og det er stemninga som har lokka dei til Breim, sjølv om dei allereie no er litt slitne.

– Det er veldig kjekt og samlast. Ein blir ein litt annan versjon av seg sjølv når det blir spelt countrymusikk og hatten kjem på. Ein blir rett og slett meir livleg, fortel Røysum.

Men ein merkar ikkje berre festivallivet på kroppen, også lommeboka blir noko redusert.

– Vi kjem vel til å legge att mellom 4000 og 5000 kroner, seier Hausåker.

Jentene som hadde fått knapt fire timar søvn før dei var oppe att fortel at det blir mykje junkfood når ein er på slike arrangement.

– Det blir mykje pølse og bakt potet. Og no sit vi og ventar på at dei skal opne Kolbeins saloon. Då blir det egg, bacon og bønner, fortel Hausåker.

Nokre av våre fremste musikarar frå Sogn og Fjordane står på scena under NRK CountryLutt fredag.

DIREKTE I NETT-TV: Vi sender direkte frå countryfestivalen fredag 10. juli kl. 15-16:20. Her er Gunn Marit Kvåle og bandet i full gang med lydprøvar fredag føremiddag.