Hopp til innhold

Å spele mot Brann er bittelitt spesielt for assistenttrenaren - han er nemleg frå Bergen

Assistenttrenar i Sogndal, Tom Mangersnes, er ekte Bergens-gut. Men når det er kamp, er det Sogndal han heiar på.

Mangersnes og Brann

HEIA SOGNDAL: Assistenttrenar Tom Mangersnes innrømmer at det er spesielt å vere bergensar og assistenttrenar for Sogndal, når det er Brann på den andre banehalvdelen.

Foto: Hanne Hagen Rotnes/Marit Hommedal / NRK/NTB Scanpix

Sjølv om Mangersnes er bergensar, er han klar på kvar sympatien hans ligg framfor dagens kamp, er han klar på at det er litt spesielt å møte Brann.

– Eg har aldri vore blant dei som har vakse opp med Brann-kjærleik, så det er ikkje eit problem. Men eg treffer jo mykje vener og kjende når vi er her, seier Mangersnes.

Og det er ikkje alle kompisar som skjønnar at ein bergensar kan halde med Sogndal.

– Det er mange som har eit svært sterkt forhold til Brann, og eg har nok kompisar på tribuna som har litt lite forståing for at eg kan halde med dei svarte og kvite, ler Mangersnes.

Er skikkeleg gira før kampen

Han fortel at Sogndal-spelarane har hatt god oppladning til kampen. Klokka 19 brakar det laust.

– Gutane er rolege, men tente. Dei har hatt god oppladning på hotellet i sentru, og har gjort gode førebuingar, seier assistenttrenar i Sogndal, Tom Mangersnes.

Men han legg ikkje skjul på at det er noko spesielt når Sogndal møter Brann.

– Det er noko ekstra, og det betyr mykje for gutane som skal ut på bana. Det er duka for ein spennande kamp, seier Mangersnes.

Blir ein tøff kamp

Mange håpar at Sogndal i dag skal klare det dei berre har klart éin gong før, nemleg å slå Brann på bortebane. Sist var i 2002. Den gongen scora mellom anna Tommy Øren eitt av måla som førte til at heimelaget måtte gå slukøra av bana.

I forgårs var han klar på at det godt kan skje igjen i dag. Mangersnes utelukkar heller ikkje at tre poeng blir med i bussen heim til Sogndal. Men først må jobben gjerast.

– Det er ei tøff utfordring, men den får vi prøve å ta. Tilhøva er gode, så alt ligg til rette for ein god kamp, seier Mangersnes.

Dersom Sogndal sler Brann i dag, går dei forbi storebror på tabellen.

Her er laget mot Brann:

Erik Dahlin - Eirik Skaasheim, Hannu Patronen, Gustav Valsvik, Taijo Teniste - Malick Mane, Rune Bolseth, Sidy Sagna, Ruben Holsæter - Mahatma Otoo, Azar Karadas.

På benken sit: Leif Lysne, Bjørn Inge Utvik, Espen Næss Lund, Gilbert Komsoon, Kristoffer Nesse Stephensen, Magnus Stamnestrø, Ulrik Flo.